Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Attskap ein reklamefilm

No skal du få lov til å kopiere andre sitt verk! Det kan faktisk gjere deg til ein betre medieprodusent.
Ein ung mann med grønsaker framfor eit kamera. Foto.

Eit velkjent tips for å bli ein proffare medieprodusent er å studere uttrykket til profesjonelle skaparar. Derfor kan du lære mykje av å attskape ein eksisterande videoproduksjon. I dette arbeidsoppdraget skal du kopiere ein som du finn på internett.

For å få eit godt resultat må du jobbe nøyaktig med

  • kamera

  • lys

  • lyd

  • redigering

Om reklamefilm

Reklamefilmar er filmar som marknadsfører eit bestemt produkt eller varemerke. Ein reklamefilm er oftast 20–45 sekund lang, og han blir helst brukt til å gi produktet ein klar og eintydig profil. Reklamefilmar eignar seg mindre til utdjupande informasjon, men dei blir likevel òg brukte av ideelle organisasjonar og til å informere frå statlege og lokale styresmakter.

Kjelde: Svendsen, T.O., Pihl, R. (2019). Reklamefilm. Store norske leksikon. Henta 28. april 2021 frå https://snl.no/reklamefilm

Originalen versus kopien

Oreo

Tine Norvegia

Slik gjer du

1. Finn reklamefilmen

Leit på nettet og finn ein reklamefilm som du vil kopiere. Det kan vere ein produktfilm eller ein haldningsskapande reklamefilm.

Målet er at filmen skal lagast så lik originalen som praktisk mogleg. Finn derfor ein film som du tenkjer det er mogleg å gjennomføre.

Tips: Det er lurt å velje ein kort film, til dømes mellom 20–30 sekund.

2. Preproduksjon

Sjå på reklamefilmen sekund for sekund, og teikn storyboardet. Få med riktig utsnitt og perspektiv. Skriv gjerne notat i margen.

Finn location, rekvisittar og skodespelarar. Bruk gjerne medelevar, familie og venner som skodespelarar.

Lag ein produksjonsplan. Du skal produsere alt innhaldet sjølv, men du kan godt samarbeide med andre om opptaka.

Filer

3. Produksjon

Under opptak kan det vere greitt å ha originalfilmen lett tilgjengeleg på ein skjerm, slik at du kan sjekke at du har riktige innstillingar og komposisjonar.

Sørg for at du har gode lysforhold, og bruk kamerastativ for å få betre bilete.

Ta deg god tid! Viss kopien skal bli like god som originalen, må du vere tolmodig og nøyaktig i denne fasen.

Bilete av to medieelevar som ser mot eit kamera som er stilt opp i ei gate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4. Etterarbeid og framsyning

Klipp saman bileta i same rekkjefølgje som originalen. Det kan vere utfordrande å finne like lydar og musikk, så her må du vere kreativ.

Leit etter lydeffektar og musikk på internett, eller spel inn eigne lydar.

Den ferdige reklamefilmen blir eksportert i eigna format og blir vist fram i klassen.

5. Eigenvurdering

Kan du svare ja på desse utsegnene, har du gjort svært bra arbeid:

  • Eg har gjort grundig førearbeid (mellom anna laga storyboard og produksjonsplan).

  • Filmen min er lik originalen når det gjeld utsnitt, perspektiv, rekvisittar, klede, klipperytme, og så vidare.

  • Filmen min verkar som eit heilskapleg ferdig produkt, med god kvalitet både estetisk og teknisk.


CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format