Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Augneblinken

La deg inspirere av NRK-serien Øyeblikket, og lag din eigen variant.
Tekstversjon av filmen Mageplask

Filmen syner ein ung mann som stuper frå eit stupebrett ned i eit basseng. Det endar med mageplask. På same tid får vi føljande informasjon: Vatnmolekylane har sterke bindingar til kvarandre. Molekylane kan ikkje pressast saman. Derfor er vatnet hardare enn du trur. Vatnet må flytte seg til sida. Det tek litt tid før vatnet sluttar om kroppen.

Oppgåvebeskriving

Målet med oppgåva er å få trening i å skape nøyaktige og stødige bilete og å få meir erfaring med å variere biletutsnitt og biletvinklar. Du skal lage din eigen video sterkt inspirert av NRK-serien Øyeblikket. Du kan arbeide åleine eller saman med ein annan.

  1. Finn noko du vil forklare, og som du meiner kan forklarast godt ved bruk av bilete. Det kan gjerne vere fagstoff som du skal tileigne deg i eit anna fag, til dømes naturfag.

  2. Lag eit storyboard med god variasjon i biletutsnitt og biletvinklar.

  3. Planlegg og gjennomfør opptak. Før du byrjar å filme, må du sjekke at du har gode lysforhold.

  4. Importer opptaka til eit eigna redigeringsprogram, og legg på tekstelement og musikk. Resultatet skal bli ein samanhengande film på cirka 1 minutt. Hugs å bruke opphavrettsklarert musikk når du set saman filmen.

  5. Eksporter fila i rett format, og vis fram augneblinken din!

Relatert innhald

Variasjon i biletutsnitt og biletvinklar påverkar korleis du forstår ein film. Her får du ei kort innføring i dei viktigaste omgrepa.



CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2022

Læringsressursar

Produser video – korte format