Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv kva du meiner

Skriv eit lesarinnlegg, og lag ein illustrasjon som passar til det du skriv om.

No skal du produsere ein eigen argumenterande tekst – eit lesarinnlegg. Når du har skrive ferdig, skal du lage ein illustrasjon eller ta eit bilete som passar til det du skriv om.

Tenk over

Er det noko du er spesielt oppteken av? Er det eit tema som har vore oppe til debatt i det siste? For å få inspirasjon til tema du kan skrive om, kan de ta ein idémyldring i klassen.

Du kan òg hente inspirasjon frå aviser, blad og nettsider der lesarane kan seie meininga si om saker dei er opptekne av.

Du kan til dømes sjekke ut:

Aftenposten SiD!
NRK Ytring

Det finst ingen formelle reglar om korleis slike lesarinnlegg skal sjå ut, men her får du nokre tips.

Nærbilete av ein som skriv på tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innhaldet i eit lesarinnlegg

Eit lesarinnlegg skal handle om éi sak, og det må ikkje vere for langt. Teksten bør ha litt "trøkk", du skal skrive personleg, setje ting på spissen og ta eit klart standpunkt. Du må likevel hugse å omtale andre med respekt. Lesarinnlegg der andre blir hengt ut, eller der ein kjem med grove fornærmingar, blir sjeldan trykt. Det blir heller ikkje anonyme innlegg. Du kan be om at namnet ditt ikkje blir ført opp, men redaksjonen må vite kven du er.

Overskrift

Eit innlegg bør ha ei fengjande overskrift som gir lyst til å lese vidare. Overskrifta kan vere eit spørsmål som du tek opp og svarer på i teksten. Ei anna moglegheit er at du gjer klart kva du meiner allereie i overskrifta og deretter grunngir meininga di.

Innleiing

Start innlegget ditt med å presentere saka for lesaren. Dersom du svarer på eit innlegg frå ein annan person, må du vise til denne teksten. Du nemner kort kva han handlar om, og skriv deretter kva du sjølv meiner.

Hovuddel

I eit lesarinnlegg er det ikkje plass til å presentere alle sider ved ei sak. Lesarane ventar dessutan at du tek stilling, så du bør konsentrere deg om argument som støttar opp under det du meiner. Vel ut dei to–tre punkta som du synest er viktigast.

Avslutning

Du kan avslutte eit innlegg på fleire måtar. Dersom du har stilt eit spørsmål i overskrifta, bør du i avslutninga kome med svaret ditt. Elles kan du til dømes gjenta kva du meiner om saka, du kan kome med ei oppfordring til lesarane, eller du kan stille eit spørsmål. Husk òg at alle lesarinnlegg må ha underskrift.

Korleis lage illustrasjonen?

Studer mange innlegg for å få inspirasjon, og for å sjå korleis avsendarane bruker illustrasjonar eller bilete for å underbyggje argumentasjonen i teksten. Det er viktig at illustrasjonen din speler på lag med det som blir uttrykt skriftleg. Har du eit innlegg som er fullt av logiske argument, bør illustrasjonen passe. På den same måten kan eit kjensleladd lesarinnlegg tole meir fargar og symbolikk.

Det ferdige resultatet kan gjerne hengjast opp i klasserommet.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Marion Federl .
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag