Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kreative skriveøvingar

Ta utgangspunkt i eit bilete, ein farge eller ei setning, og skriv det du klarer på eit gitt tal minutt. Slik øver du deg på kreativ skriving.
Hand held ei kulepenn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Varm opp

Vel ein av fargane:

  • purpur
  • gusjegrønt
  • soleiegult

Ta utgangspunkt i fargen du har valt.

  • Beskriv ein gjenstand med fargen du har valt. Utvid beskrivinga av gjenstanden med andre eigenskapar.
  • Korleis blir gjenstanden brukt? Når på dagen eller året? Av kven? Til kva? Skap gjerne ein situasjon mellom menneske der gjenstanden er til stades.

Ta tida! Skriv i fem minutt.

Kva er friskrift?

Det er ikkje lov til å stoppe å skrive. Skriv gjerne så dårleg du kan. Skriv det du kjem på der og då, utan å vere sjølvkritisk. Alt er lov!

Bilnøkkel med eit hjarte i nøkkelringen med påskrifta "I love my car". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2. La eit bilete inspirere deg

Sjå på biletet over. Bestem deg for om denne situasjonen har skjedd i fortida, om det skjer i notida, eller om det skal skje i framtida.

  • Kva skjer?
  • Kva for menneske er til stades? Korleis er dei? Kva gjer dei eller gjer dei ikkje?
  • Skriv berre éin handlingsgang.
  • Hjelpesetning: Nøkkelen til låsen er borte.
  • Bruk maksimalt ti minutt.
  • Samarbeid gjerne to og to.

Oppgåve 3. Lag ein synopsis

Bruk tekstane frå oppgåve 1 og 2 som utgangspunkt for ein synopsis. Dette er ein ryddejobb. Du skal fylle ut historia og skildringar der det manglar og få det til å passe inn i eit bestemt format.

Sjå eit døme på ein synopsis her.

Bruk det du kan om dramaturgi og forteljing, og få med:

  • hovudkarakter (protagonist)
  • motstand (antagonist)
  • hovudkonflikt
  • mål
  • vendepunkt
  • klimaks
  • løysing

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag