Hopp til innhald

Fagstoff

Set saman portrettet

Etter at teksten er ferdig, er det på tide å setje saman portrettet. For at klassen skal bli kjend med medeleven din, bør du òg publisere portrettet for dei.
Ungdomar samarbeider om notat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppskrift på bruk av enkelt tekstredigeringsprogram

Her får du eit forslag til eit heilt enkelt oppsett av tekst og bilete. Viss du har lært meir avanserte program og metodar, bruk gjerne dei.

Utgangspunkt

  • Del eit A4-ark i to spalter ved å velje “oppsett” -> “spalter” og “2” i Word. Då blir det lettare å lese og ta inn fleire element som bilete og utheva sitat. Teksten vil no plassere seg i to kolonnar ved sida av kvarandre.
  • Vel ein lett leseleg skrifttype som Times New Roman, Arial, Cambria eller Verdana i mengdeteksten. Denne bør ikkje ha så stor skriftstorleik, 11 eller 12 held.
  • Tittelen skal ha stor skrift, og ingressen skal ha litt større og tjukkare skrift enn vanleg mengdetekst.

Vurder og plasser biletet

  1. Er det eit godt utsnitt? Inneheld biletet overflødig informasjon som forstyrrar, kan du skjære til biletet. Gå ganske tett på, ikkje la det vere for mykje luft i biletet. Det er intervjuobjektet som er viktig, ikkje tapetet eller trea bak.
  2. Plasser biletet eller bileta. I kva for retning ser objektet ditt? Ser han eller ho litt mot éi side, lèt du blikkretninga vende seg inn mot teksten. Det bidrar til å leie lesaren si oppmerksemd mot teksten og ikkje ut av tekstsida.
  3. Under biletet bør du skrive ein tittel og forklare kven vi ser. Skriv gjerne ei setning eller to om motivet. I tillegg bør du skrive kven som er fotograf viss det ikkje er du som har teke biletet.

Plasser tittel, ingress og mengdetekst

Vidare kan du plassere tittelen og ingressen. Desse skal stå øvst. Tittelen kan godt dekkje heile sida bortover, mens ingressen skal stå øvst til venstre i den første spalta. Deretter kan du plassere inn mengdeteksten og lage mellomtitlar med feit skrift og eventuelt litt større skriftstorleik.

Det er kanskje noko av det intervjuobjektet ditt seier som er ekstra saftig? Då kan du godt lage eit utheva sitat med litt større skrift.

Prøv å fylle heile sida. Sørg gjerne for at det er like mykje tekst i begge spaltene for å skape balanse.

Justering

Dersom du ser at du har for mykje eller for lite tekst, kan du:

  • gjere bilete større eller mindre
  • leggje inn fleire eller færre bilete
  • kutte eller leggje til informasjon i teksten
  • utheve fleire eller færre sitat

Kvalitetssikring

Når du har skrive portrettet, kan det godt hende at du får karakter på det. Eller kanskje det skal hengjast opp i klasserommet og vere der ei stund?

Pass derfor på at det ikkje er nokon skrivefeil, faktafeil eller anna rusk i saka di. Skriv gjerne ut teksten, les han høgt og få nokon til å lese over han og gi ei kjapp tilbakemelding på språk og oppbygging før du leverer.

Sitatsjekk

Personen du har intervjua, har rett til å sjekke at sitata du har brukt samsvarer med det som vart sagt i intervjuet. La intervjuobjektet lese gjennom intervjuet før du leverer det frå deg.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2019

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag