Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skriv ei pressemelding om ein miljøaksjon

Demonstrasjon om miljøvern. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Tenk deg at du jobbar som kommunikasjonsrådgivar for ein miljøvernorganisasjon. De skal ha ein demonstrasjon mot ein lokal fabrikk som de meiner lèt miljøgiftige utslepp gå i elva.

  • Finn på namn, stad, dato og fakta om aksjonen.
  • Skriv ei pressemelding som får lokale medium til å gi saka redaksjonell dekning.

Tips til korleis du lagar ei pressemelding, finn du i fagartikkelen om pressemeldingar og på plakaten Slik lagar du ei pressemelding.

Relatert innhald

Filer

Innhald i plakaten:

SLIK LAGAR DU EI PRESSEMELDING

Dette er nokre råd du kan følgje for å auke sjansane dine for at ei pressemelding får napp hos redaksjonen du sender henne til:

  1. VER SPENNANDE
    Vinkle pressemeldinga slik at den mest spennande nyheita kjem fram i tittel og ingress. Kjenn nyheitskriteria og bruk dei.
  2. GÅ TETT PÅ
    La media få tilgang til dei personane som har med saka å gjere. Legg inn sitat frå personar som har jobba med temaet, men også frå nøgde kundar eller andre som kjenner saka.
  3. KVEN, KVA, KVAR, NÅR
    Pass på at du får med namn, tittel og kontaktinformasjon til alle som kan vere ei kjelde i saka, slik at det er lett for journalistane å ta kontakt dersom dei ønskjer meir informasjon.
  4. SKRIV GODT
    Pass på at du skriv godt. Alt må vere språkleg korrekt. Saka må framstillast på ein lettfatteleg måte.
  5. KLART TIL PUBLISERING
    Skriv saka slik at ho kan publiserast direkte på sidene til nyheitskanalen. Sjølv om dette sjeldan skjer, kan det gjere jobben enklare for journalisten og dermed auke sjansane dine for at saka blir publisert. Ta med sitat og bilete som er klare til publisering.
  6. VER ÆRLEG
    Ikkje ta med for mykje sjølvskryt, og ikkje rakk ned på konkurrentar. Ver positiv og ærleg når det gjeld produktet og informasjonen du vil ha fokus på.
  7. KORT OG KONSIS
    I redaksjonen er det travelt. For at pressemeldinga di skal bli lagt merke til, er det derfor viktig at du skriv kort og konsist slik at mottakaren raskt skjønner kva ho handlar om. Ei A4-side held i massevis.
  8. KONTAKT ER GULL
    Følg gjerne opp pressemeldinga di med ein telefon til redaksjonen. Få fatt i ein vaktsjef, redaktør eller liknande og forsikre deg om at dei har sett pressemeldinga, og høyr om det er noko meir du kan hjelpe med.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag