Hopp til innhald

Fagstoff

Profesjonelle bloggar

Ein profesjonell blogg har ein profesjonell avsendar. Profesjonelle bloggarar er dyktige skribentar som har løn for å blogge.

Fagbloggar

Ein fagblog kan vere skriven av ein fagperson som er knytt til eit universitet, av ein journalist som jobbar i ei avis, eller ein helsearbeidar som jobbar i det offentlege.

Ein av de mest populære profesjonelle bloggane i Noreg er bloggen til NRKBeta. NRKbeta kallar seg "NRK si sandkasse for teknologi og nye medium". Dei testar ut nye ting, skriv om det, og legg ut eksempel på produkt. Bloggarane i NRKbeta er profesjonelle informasjonsarbeidarar som kan mykje om teknologi og teknologiutvikling.

Organisasjonsbloggar

Ein organisasjonsblogg målber interessene og meiningane til den organisasjonen bloggaren tilhøyrer. Eit eksempel er bloggen til Kreftforeininga. Bloggen har mange avsendarar, som alle arbeider for Kreftforeininga. Bloggen formidlar nyheiter om kreft og kreftbehandling, set søkjelys på aktuelle saker og gjev uttrykk for dei synspunkta foreininga har.

Politikarbloggar

Eit anna eksempel er politikarbloggar. Nesten alle profilerte politikarar har i dag sin eigen blogg der dei etter beste evne forsøkjer å kommunisere med veljarane. Politikarbloggarar er spesielt aktive når det er valkamp.

Statsminister Erna Solberg tar selfie samme med høgrefolk i Sortland. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skulebloggar

En del vidaregåande skular har også eigne bloggar, eller samlesider som presenterer bloggar som er skrivne av tilsette og elevar. Slike bloggar synleggjer den aktiviteten som går føre seg på skulen, utan å vere direkte talerøyr for skuleleiinga.

Nokre klasser har eigne klassebloggar der alle elevbloggane blir vist samla. Det er ein god idé å lage ein medieblogg i mediefaget der klassen deler kunnskapar og meiningar om mediefaglege tema med kvarandre.

CC BY-SASkrive av Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag