Hopp til innhald

Fagstoff

Føremål og avsendar

Når du skal skrive, må du ha klart for deg kva som er di eiga skriverolle, kva som er føremålet for skrivearbeidet, kven som er oppdragsgjevar, kva for sjanger du skal skrive og kven som er målgruppa.
Hender på tastatur skriv manus på laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriving for eller i medieproduksjon vil alltid stå i forhold til eit gitt føremål, ei definert målgruppe og ein bestemt sjanger i eit bestemt medium.

Føremål

Planlegging av medieproduksjon

Manus blir brukt for å planleggje og gjennomføre produksjon av lyd- og videoproduksjonar.

Skriv du eit manus for ein kortfilm du vil sende til Amandus, er det du som fortel ei historie. Sjølv om du skriv på vegner av deg sjølv, bør manuset følgje konvensjonar for manusskriving, slik at det skal vere enkelt for deg å realisere kortfilmen saman med andre.

Sluttprodukt og format

I nyheitsartiklar og reportasjar på papir og nett blir skriftarbeidet brukt som sluttprodukt, og alltid saman med bilete.

Skriv du til dømes ein reisereportasje, vil skriftarbeidet ditt stå i forhold til bileta du har tilgjengeleg. Du vil ikkje ha for mykje overlapp mellom skrift og bilete, men likevel bruke bileta til å framheve sentralt innhald i det skriftlege, og omvend.

I ein reisereportasje vil det gjerne høyre med å skrive kreativt. Du ønskjer å vekkje følelsen av dufter og stemningar og skape bilete i hovudet til lesaren utover bileta som ligg i artikkelen.

Du må dessutan tilpasse deg til formatet og plassen du har til rådigheit, som jo bestemmer kor mange ord du kan skrive. Det høyrer også med å skrive bilettekstar, titlar, mellomtitlar og ingress.

Retorisk føremål

Mediekommunikasjon er retorisk – det vil alltid liggje eit føremål eller ei hensikt bak eit medieuttrykk. Når du skriv, vil hensikta med arbeidet ditt vere å vekkje følelsar, fortelje fakta og/eller overtyde om noko, avhengig av

  • sjanger
  • oppdragsgjevar eller arbeidsgjevar
  • mediekanal
  • målgruppe

Skriv du ein artikkel som skal brukast som innhaldsmarknadsføring i eit magasin, bruker du artikkelformatet til å gjere eit produkt kjent, overtyde om fortreffelegheita til produktet eller kanskje synleggjere eit behov. Du kan både fortelje fakta og spele på følelsar for å få det til.

Forfattar og avsendar

Når du skriv, anten åleine eller saman med andre, er du bevisst kven som er avsendar? Klarer du å skilje mellom forfattar og avsendar?

  • I ein nyheitsnotis – kven er avsendar, og kven skriv?
  • I ein reklametekst – kven er avsendar, og kven skriv?
  • I ein leiarartikkel – kven er avsendar, og kven skriv?

Avsendaren kan altså vere

  • deg sjølv
  • oppdragsgjevaren eller arbeidsgjevaren din
  • mediet og redaksjonen du jobbar for
CC BY-SASkrive av Ragnhild Tønnesen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2019

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag