Hopp til innhald

Fagstoff

Digitale verktøy i skrivearbeid

Bruk digitale verktøy til hjelp i skrivearbeid.
Nærbilde av en som skriver på tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1) Ordbøker

Bokmålsordboka/Nynorskordboka

Sjekk stavemåte, bøying, opphav og ordklasse.

Oppslagsverket gir trening i å sjekke eige arbeid opp mot Språkrådet sine reglar for rettskriving. Bruk av oppslagsverket gir òg trening i å samanlikne rettskriving i dei to språkformene bokmål og nynorsk.

Oppslagsverk for rettskriving av ord – Bokmålsordboka/Nynorskordboka

NAOB – Det Norske Akademis Ordbok

Sjekk tydingar, nyord, ordbruk, stavemåte og ordhistorie/etymologi. Du finn òg ei rekkje litterære sitat.

Bruk av oppslagsverket gir trening i å vurdere eiga rettskriving og ordbruk, du får òg djupare forståing for tydingar og samanhengar i det norske språket.

Oppslagsverk for rettskriving, tyding av ord og ordhistorie – NAOB

LEXIN – ordbøker for minoritetsspråklege

Ordbøker laga spesielt for minoritetsspråklege elevar i grunnskulen, vidaregåande og vaksenopplæringa. Ordbøkene inneheld ord og uttrykk som er nyttige når ein bur i Noreg og støttar både bokmål og nynorsk.

Oppslagsverk med ord og uttrykk som er nyttige når ein bur i Noreg – LEXIN

Macmillan Dictionary – engelsk ordbok

Oppslagsverk for engelske ord med lyd for uttale, utdjupande forklaringar på omgrep og synonym. Den forklarer ord på ein enklare og mindre avansert eller akademisk måte enn andre store nettbaserte oppslagsverk.

Oppslagsverk for engelsk rettskriving og ordforståing – Macmillan Dicionary

Thesaurus – engelsk synonymordbok

Denne gir lange lister med gode synonym og gir samtidig døme på korleis orda kan brukast i ei setning.

Synonymordbok for engelsk – Thesaurus (med reklame).

2) Omsetjing

Google translate

Oversett tekstbolkar, dokument eller innlesen tale mellom språk. Verktøyet er nyttig for å tileigne seg informasjon frå framandspråklege kjelder, det gir støtte i arbeidet med skriftlege tekstar i framandspråk og gir øving i å sjå samanhengen mellom tale og skriftspråk. Etterarbeid med tekstar omsett av robotar krev og gir øving i å utøve djupare språkleg innsikt.

I skriftlege arbeid der du skal sitere, må du sitere frå originalkjelda utan å omsetje teksten. Du kan likevel bruke indirekte sitat og referere til innhald på språket du skriv resten av artikkelen din på. I begge tilfelle må du hugse å oppgi kjelda til originalkjelda.

Omsetjingsverktøy for tekst og tale mellom språk – Google translate

3) Tekst til tale

Både på mobiltelefonen din og i tekstbehandlingsprogram som Word finn du diktafon. Finn funksjonen 'Dikter', eller mikrofonsymbolet i tastaturet i mobiltelefonen.

Bruk av tekst til tale kan effektivisere, særleg i startfasen av skriveprosessen. Jamleg bruk av tekst til tale-verktøy gir deg øving i å førebu kva du skal formidle, og i å uttrykkje deg presist. Har du skrivevanskar, kan tekst til tale vere til stor hjelp og støtte i skrivearbeid.

4) Stavekontroll

Alle tekstbehandlingsverktøy har innebygd stavekontroll. Bruk stavekontroll. Høgreklikk på ord som har ein raud, prikka linje og erstatt med foreslått ord, dersom det er riktig. Er du usikker? Slå opp ordet i eit oppslagsverk.

Har du mange ord du veit du ofte skriv feil? Søk og erstatt er ein fin funksjon i mange tekstbehandlingsverktøy. Der kan du søkje opp ordet og endre det samtidig i heile teksten.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag