Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Satire og ytringsfridom

Satiren er ofte maktkritisk og får oss til å sjå verda på ein litt ny måte, men i nokre tilfelle kan humor forkledd som satire i like stor grad sementere fordommar.

er ein sjanger som kritiserer og kommenterer tidsaktuelle fenomen på ein poengtert måte. Formålet med satiren er gjerne å refse maktpersonar og samfunnsforhold, men han kan òg brukast til å blottstille menneskelege svakheiter og lastar. Våpena til satirikaren er og latterleggjering gjennom sterk og grove overdrivingar.

Eit døme på eit satirisk programinnslag kan du sjå nedanfor. Innslaget er henta frå NRK-serien Uti vår hage 2 (2008). Serien er skapt av komikartrioen Atle Antonsen, Harald Eia og Bård Tufte Johansen.

Temaet i klippet er tvangsekteskap, og klippet er eit "liksom-innslag" i NRK-serien Migrapolis, som på den tida tok opp problemstillingar som innvandrarar og minoritetar var opptekne av.

Oppgåve 1: Reflekter over innslaget om tvangsekteskap

Sjå innslaget saman med ein medelev, og reflekter saman:

  • Er denne satiren morosam? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Kven er det som blir ramma av kritikken?
  • Er disse personane maktpersonar eller menneske med lite makt?
  • Kva kunne ha vore tema i ein satire der kritikken blir retta mot det miljøet de sjølv høyrer til?
  • Skodespelarane har måla ansiktet brunt for å sjå ut som pakistanarar. Set dykk inn i debatten om bruk av i humorprogram. Kva tenkjer de? Er bruk av blackface i humorprogram rasistisk, eller er det berre morosamt?

Oppgåve 2: Diskuter satire og ytringsfridom

Diskuter i klassen:

  • Er det positivt at komikarar set søkjelys på kulturelle og religiøse tabuområde, eller bør dei ha respekt for det andre menneske trur og tenkjer?
  • Fremjar satiren i programmet Ut i vår hage ytringsfridom og toleranse, eller er det berre eit døme på ein lang vestleg tradisjon med negative, fordomsfulle og stereotypiske framstillingar av mørkhuda personar og muslimar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen, Marion Federl og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Mediesjangrar