Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk ein historisk radioreportasje

Katastrofen i New York 11. september 2001 viste seg å vere eit stort samordna terrorangrep mot USA. Her rapporterer USA-korrespondent Ole Torp på radio rett etter at fly nummer to har styrta inn i tvillingtårna.
Tekstversjon av radioreportasje

Nyhetsanker frå studio: Først skal vi til USA, der det altså først kom melding om eitt fly som hadde krasja i World Trade Center i New York. Men Ole Torp, dei siste rapportane tyder på at det no er snakk om to fly.

Reporter Ole Torp: Ja, eg sit og ser på fjernsyn frå New York. Eg sit jo her i Washington, og eg ser ei stor eldkule som slår ut av bygning nummer to. Vi har altså fem minutt før klokka 9 i dag eit fly som gjekk inn i omtrent åttiande etasje på det austlege tårnet. No umiddelbart før vi snakka saman, kunne ein sjå på tv-overføringane frå den første ulykka at det har komme eit nytt fly og køyrt rett inn i, ja, eg vil tru sekstiande etasje, i det vestlege tårnet. Ei stor, svær eldkule slo ut som av eit bombenedslag, og begge tvillingtårna er no omgitte av tjukk svart røyk som ligg over heile Manhattan. Det er ingen tvil om, når ein ser på fjernsynsbileta, at det andre flyet må ha floge med hensikt rett inn i bygninga. Dette får sjølvsagt folk i New York og styresmaktene her i New York til å anta at det faktisk dreier seg, ikkje om eit uhell, ikkje om ei forferdeleg flyulykke, men kanskje eit dobbelt sabotasjeattentat mot nokre av dei høgaste bygningane i verda midt på Manhattan, rett før folk kjem på jobb i desse enormt folkerike bygningane.

Nyheitsanker: Kunne du ut frå fjernsynsbileta, Ole Torp, sjå noko som helst om kva slags fly dette er?

Ole Torp: Nei, det er umogeleg å seie. Ein ser berre ei venge som nærast flyr inn, men det såg ikkje ut som det var eit stort fly. No ser eg det i forstørra utgåve her. Det er ingen tvil om at det har kurs rett mot bygninga og slår ut i ei stor eldkule som eg har beskrive tidlegare. Men det verkar ikkje som om dette er eit stort fly. Det som vart sagt om det første, som jo svært få, om nokre i det heile, såg, var at det skal ha vore eit passasjerfly, altså eit stort passasjerfly av typen Boeing eller noko slikt. Det andre er iallfall openbert ikkje det. Men det det ikkje er tvil om, er at anten har vi med ein sinnssjuk person å gjere, eller så har vi med eit dobbelt angrep å gjere. Og det skulle vel ikkje forundre nokon om det nettopp er det marerittscenarioet vi ser speler seg ut akkurat no, i New York, nemleg altså eit dobbelt flyangrep på ei bygning der tusenvis av menneske var i ferd med å komme på jobb i morgontimane. Klokka er litt over 3 i Noreg, men altså berre litt over 9 her i USA.

Nyheitsanker: Ja, dette er jo som teke rett ut av ein skrekkfilm, Ole Torp. Det har vore bombeangrep mot senteret tidlegare òg?

Ole Torp: Ja, desse bygningane har jo vore forsøkt sprengde i lufta for nokre år sidan. Og vi har nettopp hatt ei større rettssak som er avslutta i New York berre for kort tid sidan der gjerningsmennene vart trekte for retten og altså dømt til livsvarig fengsel. Ingen av dei fekk dødsstraff. Aktoratet påstod dødsstraff i desse sakene, men i New York ville ein ikkje gjere dei til martyrar, så dei fekk livsvarig fengsel. Kven det er som kan stå bak dette i dag, skal vi sjølvsagt vere særs forsiktige med å spekulere om. Men akkurat no ser eg altså på bilete der dette landemerket heilt sør på Manhattan står i ei svart røyksky som legg seg over heile dette området. Det er, som du seier, eit katastrofefilmaktig scenarium, men det er altså høgst reelt. To fly, eitt i kvart tårn, har krasja i World Trade Center, ein av dei tettaste folkesette arbeidsplassane i verda, på Manhattan, i morgontimane her.

Nyheitsanker: Og heldigvis, får vi seie, er det framleis tidleg på dagen. Men kor mange er det, veit du noko om det, Ole Torp, kor mange som på eit slikt tidspunkt kan vere inne i denne bygninga?

Ole Torp: Ja, det er tusenvis av menneske, og på gatene under er det stor trafikk av folk til og frå jobb. Dette er jo i Wall Street-området, eit travelt forretningsområde i New York, med hotell og og kontorbygningar tett i tett. Der er det finansielle distriktet. Dette er jo, det distriktet ein snakkar om, er den finansielle hovudstaden i den verda, så å seie. Så her snakkar vi om tusenvis av menneske som var i ferd med å komme seg på jobb, finne pultane sine, gjere klart for ein arbeidsdag. Ja, no får eg eit nytt bilete av flyet idet det går inn og eksploderer i hjørnet cirka i sekstiande etasje.

Nyheitsanker: Ja, du snakkar no om det andre flyet og ikkje eit nytt fly på veg?

Ole Torp: Ja.

Nyheitsanker: Ja, det var bra.

Ole Torp: Ja, det er det andre flyet dei viser bilete av, fordi det er først når det første tårnet står i brann at ein når fram med fjernsynskamera til å dekke den første ulykka, så å seie, og så treffer altså det andre flyet mens fjernsynskameraa går. Eg held på å snakke om folk som kjem på jobb. Ja, det er klart at i heisar og i korridorar og på kontor er det fullt av folk. I gatene omkring har det jo komme ei skur av glas frå desse bygningane. Alle som har sett dei, veit jo at dei er bygde av glas og betong, og det spruta med glas i kvartala rundt Wall Street. Dette skjedde like før klokka 9, og dei var vel akkurat i gang med evakuering der då dette andre anslaget kom berre nokre minutt etter klokka 9.

1. Kjenneteikn ved ein radioreportasje

  • Kva kjenneteikn er det som gjer at vi kan kalle dette innslaget frå NRKs Dagsnytt for ein reportasje?
  • Korleis kommuniserer reporteren med nyheitsankeret i studio?
  • Korleis formidlar reporteren det han høyrer og ser?
  • Kva verkemiddel blir brukte til å understreke at dette er ein reportasje som går direkte på lufta?

2. Avstand og nærleik

Reporter Ole Torp er ikkje sjølv til stades i New York. Han rapporterer ut frå det han ser på amerikansk fjernsyn.

Samanlikn Torps reportasje med augnevitneskildringane i denne videoen på YouTube. Kva skjer når den same historia blir formidla av førstehandskjelder?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2018

Læringsressursar

Mediesjangrar