Hopp til innhald

Fagstoff

Artikkelen og kommentaren

Føremålet med artikkelen er å informere og opplyse, men også i nokre tilfelle å overtyde. Innan journalistikken er den vanlegaste undersjangeren nyheitsartikkelen, som formidlar fakta om noko som har hendt. Leiarartikkelen gir uttrykk for det offisielle synspunktet til avisa.
Ei kvinne skriv på sin berbare datamaskin mens bokstavar og teikn flyr opp frå maskinen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein artikkel?

Sjangernemninga artikkel er ei samlenemning for ulike typar sakprosatekstar. Artikkelen er først og fremst informativ og objektiv i forma. Hovudvekta ligg på å gjere greie for ei sak eller eit emne. Men artikkelen kan òg brukast til å overtyde lesaren om årsaker og samanhengar.

Til artikkelsjangeren høyrer fleire undersjangrar:

  • vitskaplege artiklar / fagartiklar
  • nyheitsartiklar
  • leiarartiklar
  • kronikkar
  • petitartiklar

Den vitskaplege artikkelen

Den vitskaplege fagartikkelen har strenge krav til å vere klar og mogleg å etterprøve, til ryddig struktur og til bruk av kjelder og referansar. Påstandar skal grunngivast og underbyggjast, og forfattaren må gjere det tydeleg kva som er eigne tankar, og kva som er henta frå andres tekstar.

Døme på vitskapleg artikkel:

Leksikonartiklar, populærvitskaplege artiklar og fagartiklar i lærebøker og digitale læremiddel er enklare former for vitskaplege artiklar.

Døme på fagartikkel:

Ein bygningsarbeidar sit i eit stillas og les avisa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyheitsartiklar og bakgrunnsartiklar

Nyheitsartikkelen er den vanlegaste sjangeren innan journalistikk. Nyheitsartikkelen formidlar fakta om noko som har hendt, og belyser ofte hendinga frå ulike sider. Teksten er som oftast utforma slik at det viktigaste kjem først, og gir svar på spørsmåla kven, kva, kvar, når, kvifor og korleis.

Større aviser har i tillegg lengre bakgrunnsartiklar om historiske hendingar, vitskaplege teoriar eller politiske avgjerder som er viktige for å forstå dagsaktuelle hendingar.

Døme på nyheitsartikkel:

Døme på bakgrunnsartikkel:

Vi forventar at innhaldet i ein nyheitsartikkel er seriøst, og den objektive skrivestilen innbyr heller ikkje til bruk av verkemiddel som ironi, under- og overdriving, slangord og munnleg språk. Artikkelforfattaren bruker med andre ord eit korrekt normalspråk utforma i fullstendige setningar.

Viktige kjenneteikn på ein nyheitsartikkel:

  • ein ingress som svarer på spørsmåla kven, kva, når, kvifor og korleis
  • sakleg og objektivt språk
  • grundig orientering om saksforholdet eller emnet
  • vurdering av argument for og mot
  • god samanheng i resonnementet

Leiarartikkelen

Leiarartikkelen er redaktøren sin kommentar til ei aktuell sak eller hending. Leiarartikkelen har ein fast plass i avisa og er oftast ramma inn og skild ut på ein tydeleg måte. Leiaren legg fram avisa sitt offisielle syn på aktuelle saker, og slik sett er han subjektiv i forma.

Men leiarartikkelen er likevel skriven i ein sakleg stiltone. Språket kan vere prega av ein tung setningsstruktur, og det kan finnast framandord brukte i ein argumenterande tone.

Eit typisk trekk for leiarartikkelen er bruken av vi i staden for eg. Denne skrivestilen blir kalla redaksjonelt fleirtal, og vi-forma uttrykkjer at det er meininga til avisa som kjem til uttrykk.

Døme på leiarartikkel:

Kronikken

Avissjangeren kronikk er ein resonnerande og opplysande medietekst. Han er ofte skriven som ein del av eller som eit innlegg i ein debatt. Kronikken er ei form for artikkel, men innhaldet er djupare og meir fagleg. Kronikken gjer greie for ei sak på ein meir nyansert måte, og han inviterer lesarar utan førehandskunnskap til å forstå bodskapen, tenkje over ei sak og sjå ho frå fleire sider.

I den tradisjonelle artikkelen er forfattaren «usynleg»; teksten er skriven i ein resonnerande, sakleg normalstil. I kronikken, derimot, kan forfattaren bruke verkemiddel som ironi, over- og underdriving, bilete og overraskande ordvalg.

Døme på kronikk:

Kronikken har ofte ein fast plass i dei store riks- og regionsavisene. Ein kronikkforfattar blir kalla ein kronikør. Nokre aviser har faste eksterne kronikørar som skriv på oppdrag eller bestilling. Det kan vere ein skribent med spesiell fagkunnskap, men det kan òg vere ein journalist som har spesialisert seg på sjangeren.

Kommentaren

Ein kommentar gir uttrykk for journalisten eller ein utanforståande ekspert sine oppfatningar av ei sak, gjerne basert på utfyllande bakgrunnskunnskap. Tidlegare var det nærmast tabu at same person skreiv både nyheitsartiklar, bakgrunnsartiklar og kommentarar. I dag er skiljet mellom objektiv og subjektiv journalistikk ikkje lenger så tydeleg i nyheitsredaksjonane. Derimot er det viktig at den som kommenterer ei storhending, har tilstrekkeleg kunnskap og innsikt.

Døme på kommentar:

Petitartikkelen

Petitartikkelen er ein kort artikkel som har ei subjektiv og kåserande form. Han er prega av personlege skrivemåtar og kreativ bruk av språklege verkemiddel. I gamle dagar brukte avisene gjerne ein bestemt skriftstorleik som blei kalla petit, når dei trykte slike artiklar.

Døme på petitartikkel:

CC BY-SASkrive av Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2021

Læringsressursar

Mediesjangrar