Hopp til innhald

Fagstoff

Bloggen

Ein blogg er ein personleg nettekst. Han kan vere laga av ein privatperson eller ein profesjonell bloggar. Dei fleste bloggarar ønskjer tilbakemeldingar og kommentarar på det dei skriv.

Sjangeren blogg kan forklarast som ei slags dagbok på nettet, men inneheld også restar av sjangrar som brev, skolestil og fotoalbum. I dei siste åra har bloggane blitt meir samansette, og i dag inneheld dei ofte video og interaktive objekt, som brukarane lagar og deler ved hjelp av andre nettenester.

Eksempel

Lytt til videobloggen til 15 år gamle Maria, som tilhøyrer den norske minoriteten rom: Marias blogg (YouTube)

Frå lenkjesamling til «dagbok på nett»

Ordet «blogg» oppstod på slutten av 90-talet. Det er sett saman av dei engelske orda web og log. Bloggen er ein sjanger som frå starten av berre inneheldt tekst og peikarar til stader på nettet. Men bloggen utvikla seg raskt til ein meir personleg sjanger, der bloggarane gav uttrykk for eigne meiningar og kjensler.

I dag finn du alt frå Maries svært personlege dagbok til kjende politikarar, medieprofilar og forskarar som skriv om og kommenterer verdshendingar som dei sjølve deltek i. Men den personlege tonen er teken vare på, sjølv om ein blogg kan ta opp alvorlege tema som kan ha verdi for mange menneske.

Bloggen fungerer som alt frå det å vere ventil for eit behov for å dele tankar og kjensler med andre, til å vere eit viktig politisk verktøy for å påverke mottakaren politisk eller kommersielt.

Interaksjon med mottakarane

Dei fleste bloggarar ønskjer tilbakemeldingar og kommentarar på det dei skriv, og bloggane er derfor som oftast utstyrte med kommentarfelt. Du opprettar gjerne ein blogg for å få kontakt med andre, knyte deg til andres bloggar og «snakke» saman på nettet.

Dette er tenester som Facebook og Twitter no i stor grad har teke over, og derfor er det enkelte som meiner at bloggen gradvis vil forsvinne som sjanger.

Fagbloggar og organisasjonsbloggar

Ein fagblogg kan vere skriven av ein fagperson som er knytt til eit universitet, av ein journalist som jobbar med eit spesielt fagfelt, eller ein spesialist som jobbar i ei offentleg eller privat bedrift.

Ein av de mest populære profesjonelle bloggane i Noreg er bloggen til NRKBeta. NRKbeta kallar seg «NRK si sandkasse for teknologi og nye medium». Dei testar ut nye ting, skriv om det og legg ut døme på produkt. Bloggarane i NRKbeta er profesjonelle informasjonsarbeidarar som kan mykje om teknologi og teknologiutvikling.

Ein organisasjonsblogg målber interessene og meiningane til den organisasjonen bloggaren tilhøyrer. Eit døme er bloggen til Kreftforeininga. Bloggen har mange avsendarar, som alle arbeider for Kreftforeininga.

Politikiske bloggar

Profilerte politikarar har gjerne ein eigen blogg dei bruker til å utdjupe politiske standpunkt. I Noreg finst det fleire «tankesmier» med eigen blogg. Ei tankesmie eller ein tenketank er ein uavhengig organisasjon som greier ut og debatterer politiske spørsmål og andre viktige samfunnsspørsmål ut frå akademisk tenking.

Kommersielle bloggar

Bloggen blir i dag brukt som eit utstillingsvindauge for profesjonelle influensarar eller kjendisar, som tener penger på å påverke kjøpsåtferda vår gjennom å vise fram ulike produkt i eigen heim.

Kommersielle bloggar har vist seg å vere eit svært effektivt marknadssføringstiltak retta mot yngre ungdommar, siden det kan vere vanskeleg å sjå forskjell på personlege utsegner og regissert marknadsføring.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne, Kristin Eriksen Vold og Ragna Marie Tørdal. Rettshavarar: Mediesentret ved Høgskolen i Bergen og Kristin Eriksen Vold
Sist fagleg oppdatert 15.02.2021

Læringsressursar

Mediesjangrar