Hopp til innhald

Fagstoff

Fakta og fiksjon

Fakta handlar om noko som faktisk finst eller har skjedd. Fiksjon er noko som er dikta opp. Ein faksjon framstiller faktiske hendingar ved hjelp av fiktive verkemiddel.
Portrettbilete av ein mann i lysebrun skjorte og ei kvinne med hatt og perlekjede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fakta og fiksjon

Det viktigaste sjangerskiljet går mellom fakta og fiksjon. Ein fiktiv tekst er ein oppdikta tekst, mens ein faktatekst handlar om noko som faktisk finst eller har skjedd. Dette skiljet finn vi att i alle medium – i aviser, radio, fjernsyn, film og nettmedium.

Faksjon

Faksjon er ei mellomform mellom fakta og fiksjon. Eit døme på faksjon er dokudramaet. Faksjonen tek utgangspunkt i noko som faktisk har hendt, men forteljinga bruker verkemiddel vi kjenner frå fiksjonssjangrar.

Sjangeren forpliktar

Den som vel å framstille ei sak som fakta, er forplikta til fakta, og om han eller ho diktar opp noko, er det løgn. Den som skriv fiksjon, kan skildre verkelege personar, episodar frå eige liv, historiske hendingar og reelle stader, men sendaren og mottakaren er likevel einige om at teksten skal oppfattast som oppdikta.

Sjangeren skaper bestemte forventningar hos lesaren. Når vi les om urettferd eller lovbrot i avisa, ventar vi at politiet eller politikarane skal gripe inn, og at dei skuldige må stå til rette.

Det som kjem fram i ein roman, ein TV-serie eller ein fiksjonsfilm, får ikkje slike konsekvensar. Vi kan leve oss inn i historia og reflektere over ho, men det er ikkje meininga at vi skal oppsøkje hovudpersonen eller krevje rettferd og oppreising for henne.

Kva skjer når grensene blir overskridne?

Kritiske røyster hevdar at utvasking av skiljet mellom fiksjons- og faktasjangrar gjer det vanskeleg å skilje historiske fakta frå oppdikta historier. Spesielt gjeld dette menneske som ikkje sjølv har opplevd det som hende.

Spørsmålet er òg kor langt fiktive forteljingar kan gå når det gjeld å tilleggje autentiske personar tankar, kjensler og motiv.

TV-serien Atlantic Crossing vekte heftig debatt då han blei vist på NRK i 2020. Manuset er skrive av Alexander Eik og Linda May Kallestein. Serieskapar og regissør er Alexander Eik.

Historikaren Tor Bomann-Larsen skulda NRK for å drive med historieforfalsking i skildringa deira av kronprinsesse Märthas innverknad på avgjerdene USAs president Franklin D. Roosevelt tok under andre verdskrigen. Han hevda at NRKs truverd stod på spel, og at vegen frå «fake history» til «fake news» er svært kort.

Ein liknande debatt oppstod i kjølvatnet av dei norske fiksjonsfilmane Max Manus og Kon-Tiki, der historiske personar blir framstilte med fiktive eigenskapar.

Forfattaren Karl Ove Knausgård skapte òg heftig debatt då romanserien Min kamp kom ut. I romanane fortel han i detalj om venner og familiemedlemmer.

Tenk etter

Stoler du på at autentiske personar og hendingar er framstilte historisk korrekt i romanar, spelefilmar og TV-seriar?

Til fordjuping

Trygve Tollefsen: Fiksjon eller fakta? Formidling av virkeligheten og underliggende strukturer i fortellingen. (Anbefalt!)

Kjelder

Matre, J. (2020, 25. november). Forfattar om «Atlantic Crossing»: − NRKs troverdighet står på spill. VG. https://www.vg.no/rampelys/tv/i/mbk93e/forfatter-om-atlantic-crossing-nrks-troverdighet-staar-paa-spill

Furuly, J.G. (2012, 19. august). – Kon-Tiki gir et grovt feilaktig bilde av min far. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/kultur/i/kje4a/kon-tiki-gir-et-grovt-uriktig-bilde-av-min-far

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Eli Glomnes.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2021

Læringsressursar

Mediesjangrar