Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Krimsjangrar på radio og TV

Mange synest at krimseriar på radio og TV er god underhaldning. I denne oppgåva skal du reflektere over kvifor det er slik, og du skal plassere kjende seriar i riktig sjanger.

Kriminallitteratur og krimseriar på radio og fjernsyn kan delast inn i undersjangrar. Sett deg inn i kva som kjenneteiknar desse undersjangrane før du byrjar på oppgåvene.

Undersjangrar krimseriar
  1. Whodunnit: Mordet er gjort, men av kven? Detektiven avslører.

  2. Howcatchem: Skurkane er kjende, men korleis skal heltane få has på dei?

  3. Hardkokt krim: Denne undersjangeren inneheld sterke skildringar av sex og vald, og organisert kriminalitet er ofte ein sentral del av historia.

  4. Politiprosedyren: Detektiven jobbar i politiet, og etterforskingsmetodane til politiet blir ofte overtydande skildra.

  5. Rettsthriller: Hovudpersonane er ofte advokatar og klientar som skal bevise skuld eller uskuld i rettssystemet.

  6. Spionkrim: Hovudpersonane er spionar, som i mange tilfelle jobbar for eit etterretningsbyrå.

  7. Skurkehistorier: Vi ser handlinga frå skurkane si side – og vi heiar ofte på kjeltringane. Det engelske omgrepet er "caper stories".

  8. Psykologiske thrillerar: Historiene inneheld ofte horror, mystikk og grufulle handlingar, og galne gjerningsmenn har ei viktig rolle.

  9. Krimparodiar: Ulike krimsjangrar blir imiterte på ein satirisk og ironisk måte.

Oppgåve 1

Reflekter saman med ein medelev eller i klassen:

  • Liker de krimseriar? Kva seriar liker de i så fall, og kvifor nettopp desse?
  • Kvifor trur de at så mange menneske synest krim er god underhaldning?
  • Kva behov får vi dekte når vi les, ser eller lyttar til krim?

Oppgåve 2

Oppgåve 3: Tordivelen flyr i skumringen

NRKs høyrespelserie Tordivelen flyr i skumringen (1979) vart i si tid kåra til tidenes beste høyrespel for ungdom. Serien byggjer på ein roman av Maria Gripe. Lytt til ein episode:

NRK Radio: Tordivelen flyr i skumringen

  1. Kva slags sjanger vil du plassere denne serien i? Tenk grundig etter, og grunngi svaret.
  2. Kva verkemiddel kan eit radioteater bruke til å skape spenning og uhyggje?

Oppgåve 4: Varg Veum – Bitre blomster

Filmen Varg Veum – Bitre blomster (2007) byggjer på ein kriminalroman med same namn skriven av forfattaren Gunnar Stålesen. Ulrik Imtiaz Rolfsen er regissør.

Sjå anslaget til filmen Varg Veum – Bitre blomster.

  1. Kva sjanger vil du plassere denne filmen i? Grunngi svaret.
  2. Korleis vil du karakterisere hovudpersonen Varg Veum?

Oppgåve 5: De dødes tjern

Filmen De dødes tjern (1958) er basert på Bernhard Borges roman De dødes tjern frå 1942. Forfattarnamnet var eit psevdonym for André Bjerke.

Sjå klippet frå filmen.

  1. Kva sjanger vil du plassere denne filmen i? Grunngi svaret.

  2. Kva for filmatiske verkemiddel blir brukte for å skape spenning og ei kjensle av uhyggje?

Oppgåve 6: Diskuter sjangerutvikling

  • Kva tenkjer de har endra seg i krimsjangeren?

  • Sett i ettertid, kva held seg likt i sjangeren i løpet av nokre tiår?

  • Kvifor er det slik at noko endrar seg, mens andre kjenneteikn ved ein sjanger ikkje endrar seg?

Diskuter i grupper eller i klassen.

Avslutt gjerne timen med ein uhøgtideleg krimquiz:

NRK: Quiz: Hva vet du om kriminallitteratur?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Bjørn Hugo Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2021

Læringsressursar

Mediesjangrar