Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder podkastar

Det finst mellom ein halv og ein million forskjellige podkastseriar. Desse er fordelte på over hundre språk. Forskjellane er store, og få reglar er absolutte. Det er derfor nyttig å høyre på forskjellige podkastar for å høyre på kva dei har til felles, og kva som er unikt for kvar enkelt.
Høretelefonar ligg framfor lydutstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NRK har samla saman ei liste med hundre norske og utanlandske podkastar som journalistane deira tilrår. Vel deg to podkastar frå NRK si podkastliste. Vel to døme som ikkje er i same kategori. Høyr på dei, og vurder podkastane etterpå ut frå følgjande spørsmål:

  • Kven trur du skaparen av podkasten ønskjer å nå med podkasten sin?
  • Kva er forskjellane mellom podkastane du valde?
  • Kva har dei to podkastane til felles?
  • Var podkasten lærerik og/eller underhaldande? Korleis fekk skaparane det til?
  • Viss du skulle kategorisert podkasten, kva for sjanger ville du gitt han?
  • Kva gjorde lyttaropplevinga bra eller dårleg?
  • Kva for tema ville du tatt opp i ein podkast viss du skulle laga ein?
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2019

Læringsressursar

Mediesjangrar