Hopp til innhald

Fagstoff

Journalistikk byggjer på fakta

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst, eller noko som faktisk har hendt. Ein journalist ønskjer å formidle fakta på ein objektiv og sannferdig måte, men forteljinga vil uansett vere prega av journalisten sine eigne tankar og kjensler.

For godt til å vere sant?

Magasinframside med bilete av forskremd mann med mikrofon og notatblokk. Faksimile.

Då ein amerikansk radioreporter i 1938 avbraut eit musikkprogram for å melde om kraftige eksplosjonar på Mars følgd av merkelege observasjonar på jorda, strøymde folk ut i gatene i panikk.

Sjeldan har ein journalist opplevd ein slik spontan reaksjon på ein radioreportasje.

Problemet var berre at den informasjonen som vart formidla, ikkje var sann, men derimot innleiinga til den fiktive radioforteljinga The War of the Worlds (Kampen mellom klodane).

Fakta, objektivitet og sannferdigskap

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst, eller noko som faktisk har hendt. Journalisten må alltid ha som rettesnor å formidle fakta så sannferdig som mogleg.

I mange tilfelle er folk usamde om kva dei faktiske forholda er. Då er det oppgåva til journalisten å informere om dei ulike oppfatningane som finst, på ein objektiv og upartisk måte.

Journalistar er menneske, og alle menneske vurderer verda frå ein bestemd ståstad. Absolutt objektivitet er derfor ikkje mogleg, heller ikkje for journalistar. At journalisten i nokre tilfelle formidlar eigne kjensler og tankar, gjer det dessutan enklare for mottakarane å leve seg inn i det som har hendt, og utvikle empati med dei som er ramma.

Truverdet til kjeldene

Kjelder kan lyge eller fordreie sanninga. Då er det oppgåva til journalisten å vurdere truverdet til kjeldene ved å oppsøkje ulike kjelder og halde det dei seier, opp mot kvarandre. Alle fakta må sjekkast nøye. Bruk sikre kjelder, og kryssjekk den informasjonen kjeldene kjem med.

Av og til kjem kjelda med informasjon som kan true kjelda sitt eige liv og sikkerheit. Då kan du som journalist referere til ei anonym kjelde. Men du må kunne gå god for den informasjonen kjelda kjem med. Det som kjem på trykk, eller går på lufta, er det uansett du som står ansvarleg for.

Dersom du har lova ei kjelde at namnet deira ikkje skal bli kjend, må du ikkje la deg presse til å offentleggjere dette. Kjeldevern er eit viktig prinsipp i all journalistikk.

Journalistisk integritet

Som journalist skal du opptre som uavhengig, både med omsyn til ulike grupperingar i samfunnet og med omsyn til eigne, private interesser. Ikkje opptre som mikrofonstativ for alle som ønskjer publisitet. Det er ikkje alle historier som fortener å bli fortalde. Ver Varsam-plakaten har eit eige kapittel om journalistisk integritet.

Det er lett å la seg freiste til å gjere ei god historie endå litt betre. I filmen Ein heilt vanleg dag på jobben er vi mellom anna vitne til korleis journalistane i skandalepressa "regisserer" situasjonar som sidan blir formidla gjennom reportasjar over ei heil side.

Mange TV-debattar og pressebilete er eit resultat av journalistisk regi. Ein viss regi er viktig for å få ein god debatt eller eit godt bilete. Men den røyndommen du formidlar, må likevel vere så sannferdig som mogleg. Dei menneska saka di handlar om, må kunne kjenne seg igjen i forteljinga di.

Ord kan drepe

Det du seier eller skriv som journalist, og dei bileta du publiserer, blir sett og høyrt av mange menneske. Negativ omtale kan få store konsekvensar for omdømet til folk, og for tilliten til ein institusjon eller ei bedrift. Du må derfor vere heilt sikker på at det du formidlar, er riktig.

Ikkje tillegg ein person meiningar vedkomande sjølv ikkje har gitt uttrykk for. Ein korreksjon i etterkant går dei fleste hus forbi.

Journalistikk er eit mektig våpen som kan øydeleggje livet til menneske. Tenk derfor gjennom korleis du sjølv ville ha reagert dersom saka handla om deg og dine næraste, før du trykkjer på publiseringsknappen.

Paparazzi-fotografering var daglegdags for prinsesse Diana. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2021

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist