Hopp til innhald

Fagstoff

Mobiljournalistikk

Med ny mobilteknologi har journalistar både kamera, lydopptakar og publiseringsløysingar lett tilgjengeleg. Det gjer det enklare å formidle her-og-no-journalistikk. Mobiljournalistikken kan nytte nye informasjonskjelder, publiseringskanalar og format, og brukarane kan få skreddarsydd informasjon.

Mobilen som verktøykasse for journalistar

Ein moderne mobiltelefon kan ta stillbilete og gjere lyd- og videoopptak med god kvalitet. Det er òg mogleg å utføre enkel redigering. Derfor er mobilen eit eigna verktøy for journalistar ute på oppdrag. Opptak kan overførast til redaksjonen, eller journalisten kan publisere eller sende direkte på lufta. Kunstig intelligens vil etter kvart gjere redigeringsarbeidet enklare og raskare.

Det er lettare å komme tettare på folk når opptaksutstyret ikkje vekker oppsikt. Dessutan er det raskare å bruke mobil enn tradisjonelt utstyr, sidan alt du treng, er samla i éi eining.

Ved hjelp av mobiltelefonen kan ein journalist gjere research ute i felten, og det er enkelt å ha løpande kontakt med redaksjonen gjennom digitale kommunikasjonskanalar.

Ny teknologi, den same gamle historia?

Omgrepet mobiljournalistikk, ofte forkorta "mojo", dukka opp som ei nyvinning for cirka ti år sidan. Mobilteknologien har gjort opptak, redigering og publisering enklare for journalistar, men han har ikkje nødvendigvis endra redaksjonell praksis og måtar å fortelje historier på. Mange redaksjonar jobbar på tilnærma same måte i dag som tidlegare. Innhaldet i journalistikken er ofte tilnærma likt, sjølv om formatet har endra seg.

Samanlikn to reportasjar om vêret

Dårleg vêr er ein gjengangar i norske nyheitsreportasjar. Kva har endra seg i måten NRK TV fortel historier om dårleg vêr på etter at mobilteknologien vart tilgjengeleg som arbeidsredskap?

"Selfiejournalistikk" demokratiserer journalistikken

I dag kan kven som helst bruke mobilen til å rapportere om det som skjer, anten til ein nyheitsredaksjon eller direkte i sosiale medium. Denne forma for journalistikk blir gjerne kalla borgarjournalistikk (på engelsk: "citizen journalism").

Når ein privatperson bruker mobilen til å rapportere frå ei hending hen er augevitne til, blir det kalla selfiejournalistikk. Selfiejournalistikk kan gi ei anna form for nærleik til det som skjer, enn det ein utsend reporter klarer å formidle, og det kan løfte fram historier som elles ikkje ville ha blitt fortalt. På ein mediekonferanse i Bergen i 2017 fortalde Yusuf Omar, redaktør for mobile medium hos indiske The Hindustan Time, korleis selfiejournalistikk vart brukt for å setje fokus på seksuelt misbruk av jenter i India. På Snapchat kunne jentene sjølve fortelje historia si (Drønen, 2017).

Jente i samisk drakt held opp ein mobilskjerm som viser eit bilete av ho sjølv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For siste-nytt-redaksjonar (breaking news) er målet å vere først ute med nyheitsoppdateringar. Då er det viktig at redaksjonen så raskt som mogleg får tak i informasjon, stillbilete og videoopptak, gjerne frå folk som er augevitne til det som skjer.

Det er dyrt og tek tid for redaksjonelle medium å få ein eigen reporter på plass. I krigssituasjonar, som til dømes i Gaza-krigen, kan det òg vere umogleg for journalistar å oppsøke hendingane sjølve. Då er selfiejournalistar ei viktig nyheitskjelde. Samtidig vil ikkje reportasjen vere underlagd dei kritiske vurderingane som pregar profesjonell journalistikk. Sanninga er ikkje alltid det vi ser!

Døme: Inside Gaza

Då den israelske hæren invaderte Gaza hausten 2023, vart utanlandske journalistar nekta innreise. NRK og BBC løyste dette gjennom å hyre lokale mobiljournalistar til å rapportere om det som skjedde. Her er eit døme:

NRK: BBCs korrespondent rapporterer direkte fra innsiden av Gaza

Samtidig publiserer både palestinske innbyggarar i Gaza og soldatar i den israelske hæren (IDF) eigne videoreportasjar i sosiale medium. (NB: Videodøma kan innehalde reklame og sterke scenar.)

Sosiale medium som kanal

Sosiale medium er spesielt godt tilrettelagde for deling av tekst, bilete og lyd frå mobiltelefonar. Publiseringsformatet er tilpassa opptaksformatet på mobilen, der vi har lågare forventning til teknisk standard enn vi til dømes har til nettaviser og fjernsyn. Sosiale medium er derfor ein rask og enkel publiseringskanal for her-og-no-journalistikk.

Mobiltelefon med mange appar for sosiale medium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg opnar sosiale medium for ein meir omfattande kommunikasjon med mottakarane. Det gir mobiljournalistikken ein ny dynamikk. Journalisten kan få tips frå brukarane, gi utdjupande informasjon ved førespurnader og følge den debatten som oppstår etter publisering. Samtidig kan brukarane kommentere innhaldet og dermed påverke korleis andre oppfattar det.

I sosiale medium når journalisten fram til mottakargrupper som sjeldan følger med på tradisjonelle medium. Form og innhald kan enkelt tilpassast til brukarane, til dømes i kanalar der hovudvekta er barn og unge.

Unge nyheitsbrukarar

Tal frå Norsk mediebarometer (SSB) i 2023 viser at over 60 prosent av unge vaksne finn nyheiter i "feeden" i sosiale medium.

I aldersgruppa 16–24 får 48 prosent nyheitsoppdateringar via Snapchat, 45 prosent frå Facebook, 43 prosent via Instagram, 32 prosent frå TikTok og 14 prosent frå X/Twitter.

I aldersgruppa 16–19 år bruker heile 40 prosent TikTok som nyheitskjelde (Kampanje, 2023).

Nyheiter der du er

Mobilteknologi gjer det mogleg å tilpasse innhald til brukarane òg på andre måtar. Tenk deg at ein lagerbygning i Elverum står i brann, og det er fare for eksplosjonar og giftig røyk. Er du i Lofoten, er dette ei uvesentleg nyheit for deg. Situasjonen er ein heilt annan dersom du er på veg for å hente barnet ditt i ein barnehage i Elverum. Då set du pris på at nyheitsmeldinga tikkar inn på mobilen din.

I ei doktorgradsavhandling frå 2019 beskriv Kjetil Vaage Øie moglegheitene ved lokasjonsjournalistikk, ein situasjon der journalistisk innhald blir aktivert og tilpassa på bakgrunn av den informasjonen mobiltelefonen gir om posisjonen og rørslene til mottakaren.

Oppsummering

Mobiljournalistikk handlar om dei moglegheitene journalistar har når dei bruker mobile verktøy og nye publiseringsplattformer. Det handlar òg om den rolla ikkje-redaksjonelle medarbeidarar har teke i nyheitsformidlinga. Mobilteknologien har endra forventningane våre til kor raskt vi skal få vite kva som skjer. Som mottakarar av mobiljournalistikk i sosiale medium kan vi påverke og tolke innhaldet gjennom eigne kommentarar og deling.

I doktoravhandlinga si beskriv Kjetil Vaage Øie situasjonen slik:

Oppsummert befinner vi oss altså i en tid der den journalistikken vi kjenner fra før endrer seg slik at det skapes uklare grenser for hva journalistikk er og hvem som er journalister. Nyhetskonsumentene bruker og fortolker nyheter via mobil på helt andre måter enn tidligere. I tillegg har lokasjoner fått en ny betydning i journalistikken ettersom nyhetsbruk nå skjer "alle steder". (Øie, 2019, s. 3)

Kjelder

Aspelund, A. R. (2014). Sosiale medier og journalistisk åpenhet. I hvilken grad bidrar sosiale medier til åpenhet i journalistikken [Masteroppgåve]. Universitetet i Oslo. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/43111/Aspelund-Master.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Drønen, S. O. (2017, 16. januar). Selfiejournalismens fremvekst. Det samfunnsvitskapelege fakultet, Universitetet i Bergen. https://www.uib.no/svf/104239/selfiejournalismens-fremvekst

Kampanje. (2023, 26. april). Flere unge finner nyheter på TikTok – men Snapchat er fortsatt størst. https://kampanje.com/medier/2023/04/fire-av-ti-i-alderen-16-19-finner-nyheter-pa-tiktok/

Øie, K. V. (2019). Nyheter, til deg, der du er. Utvikling av lokativ journalistikk for mobile enheter et pragmatisk perspektiv [Doktorgradsavhandling]. Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2619047/Kjetil%20Vaage%20%c3%98ie.pdf?sequence=1&isAllowed=y

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2024

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist