Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Video-intervju: konsekvensar av koronaviruset

I denne oppgåva får du prøve deg som journalist. Du skal lage eit video-intervju med to personar. Det skal handle om konsekvensar av koronaviruset.
Kvinne med munnbind ser på mobiltelefonen sin. I bakgrunnen er det bytrafikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Lag eit video-intervju med to personar. Vel sjølv kva du vil fokusere på. Sørg for at du får med to ulike vinklingar.

Video-intervjuet skal til slutt gjerast klart for publisering på nett. Du definerer sjølv kven som er målgruppa for saka.

Fokus i saka

Kva vel du å fokusere på? Døme kan vere:

  • konsekvensar av koronaviruset for samfunnet
  • konsekvensar av koronaviruset for idrett og trening
  • konsekvensar av koronaviruset for russ 2021

Vinkling på intervjuet

Du kan intervjue begge intervju-objekta innanfor same fokusområde, men vel gjerne ulike innfallsvinklar:

  • Døme 1, konsekvensar for samfunnet: Det eine intervjuet handlar om kva konsekvensar koronaviruset har på undervisning. Det andre video-intervjuet set fokus på konsekvensane koronaviruset har for psykisk helse.

  • Døme 2, konsekvensar for idrett og trening: Intervjua handlar om kva konsekvensar koronaviruset har for høvesvis ein fotballspelar og ein ballettdansar.

Framgangsmåte

1) Førebu intervjuspørsmål

  • Formuler opne spørsmål til intervjuobjekta dine. Du bør ha førebudd minst seks opne spørsmål til kvart av intervju-objekta før du startar intervjuet.

  • Hugs: Gode spørsmål gir interessante svar! Det er viktig at intervju-objekta og intervjuspørsmåla er relevante for saka.

Opne og lukka spørsmål
  • Eit lukka spørsmål har som regel ja eller nei som svar.

  • Eit ope spørsmål inviterer intervju-objektet til å fortelje med eigne ord.

2) Gjennomfør video-intervjuet

  • Du kan filme intervjuet med mobiltelefon. Bruk mikrofon viss du har tilgang på det.
  • Film i breiddeformat (vassrett), og hald kameraet roleg.
  • Vel ein passande stad (location) for intervjua. Ver bevisst på utsnitt og lysforhold.
  • Pass på at lyden blir best mogleg. Unngå bakgrunnsstøy.
  • Still opne spørsmål, og lytt aktivt til svara du får. Still oppfølgingsspørsmål viss det er naudsynt.
  • Ta ein sjekk av bilete og lyd før du avsluttar opptaket på location.

3) Etterarbeid og publisering

  • Rediger video-intervjua ved hjelp av ein redigeringsapp på mobilen din, til dømes iMovie eller Magisto Video Editor & Maker.
  • I redigeringa kan du klippe bort delar du ikkje vil ha med i saka, og du kan leggje til tekst viss du ønskjer det.
  • Gjer ein kvalitetssjekk saman med ein medelev. Du ser gjennom saka til medeleven din, og omvendt. Deretter gir de kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.
  • Lever video-intervjua i eit filformat som er klart til publisering på nett.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist