Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av kunstig intelligens i journalistikk

Journalistar har i fleire år brukt kunstig intelligens som støtte til å samle inn, systematisere og ettergå informasjon. KI kan òg generere tekst og bilete. Det gir redaksjonelle medium moglegheit til å spare tid og pengar. Samtidig utfordrar bruk av KI truverdet og sjølvstendet til journalistikken.
Kvinne med berbar datamaskin omgitt av robotar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis blir generativ KI brukt i journalistikk?

Spesialiserte KI-tekstrobotar

Omgrepet (KI) blir brukt om teknologiar som systematiserer og behandlar store mengder data for å løyse bestemde oppgåver. Mange journalistar bruker allereie spesialiserte KI-verktøy til å samle, samanlikne og sortere informasjon raskt og effektivt.

Det finst spesialiserte KI-tekstrobotar som blir brukte til å setje om tekstar frå språk til språk og til transkribering og omsetjing av lyd. På denne måten kan meldingar frå internasjonale nyheitsbyrå eller artiklar og videoar frå internasjonale mediehus enkelt takast i bruk av norske redaksjonar. NTB bruker KI-verktøy mellom anna til å setje om bokmålstekstar til nynorsk.

Automatisk generering av tekst

Generativ KI er samlenemninga for KI-robotar som genererer innhald etter instruksar vi gir. Tekstgenereringsmodellar, som til dømes ChatGPT, kan brukast til å skape tekstar som til forveksling liknar tekstar skrivne av journalistar. Slike KI-verktøy kan òg brukast til å redigere og samanfatte tekstar. Til dømes bruker Aftenposten ChatGPT til å lage kortversjonar av tekstar skrivne av journalistar, og til å lage syntetiske lydversjonar av skriven tekst.

Logoen til nettavisa VG og eit lyseraudt felt der det viktigaste i ein nyheitsartikkel blir summert opp i fire punkt. Skjermutklipp.

Automatisk generering av bilete og video

Bilet- og videogeneratorar, som til dømes Midjourney og Dall-E, kan brukast til å generere kunstige bilete og videoar. Verktøyet er allereie teke i bruk i og .

Redaksjonelle medium har vore tilbakehaldne med å bruke KI-genererte bilete. Vi er vande til at bilete i redaksjonell samanheng er bevis eller dokumentasjon på noko som faktisk finst eller har hendt. Dersom vi ikkje lenger kan stole på det, kan biletjournalistikken miste truverdet sitt.

Nokre mediehus har likevel valt å bruke KI-genererte illustrasjonsbilete, men etter klare retningslinjer. NRK har til dømes ein regel som seier at dei aldri skal bruke KI til å generere fotorealistiske bilete eller videoar, og at alle KI-genererte illustrasjonsbilete som blir nytta, skal vere tydeleg merkte.

Utfordringar ved bruk av KI i journalistikk

Journalistikk er avhengig av tillit

Oppgåva til journalistikken er å formidle informasjon på ein objektiv og sannferdig måte. Prinsipielt er det borgarane i eit samfunn som er oppdragsgivar til journalistane. Dei forventar derfor at det som blir publisert, er truverdig og ikkje styrt av bestemde interesser. Denne tilliten blir svekt når vi er usikre på om tekstar og bilete som blir publiserte i redaksjonelle medium, faktisk er .

KI-baserte verktøy genererer tekstar og bilete ut frå eit enormt og delvis ukjent datamateriale og skil ikkje nødvendigvis sanning frå løgn.

Døme: VGs KI-robot "tok livet av" Haaland

I motsetning til ekte journalistar har ikkje ein tekstrobot evne til kritisk tenking og etisk refleksjon. I etterkant kan det vere vanskeleg å ettergå truverdet til kjeldene. Verktøya vil derfor kunne vere svært nyttige for aktørar som ønsker å spreie desinformasjon.

KI kan oppretthalde stereotypiar

Det er òg sannsynleg at det perspektivet verktøya legg til grunn i generering av tekst og bilete, er prega av kultur og politikk i dei samfunna som leverer mest data inn i den store "informasjonsallmenningen". Innhald som bygger på eksisterande data, ikkje nyvunnen informasjon, vil òg kunne bidra til å oppretthalde og forsterke .

Tenk etter

Kvifor er det sannsynleg at eit KI-generert bilete av julenissen vil ha umiskjennelege amerikanske trekk?

Og kvifor er det mest sannsynleg at biletet av julenissen viser ein mann dersom vi ikkje presiserer at det skal vere ein kvinneleg julenisse?

To julenissar, ein med raud lue og lusekufte og ein med blå frakk og glitrande stav. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

KI har ikkje empati

Maskiner har ikkje kjensler, mens journalistar har både hjerne og hjarte. Det er derfor lite truleg at avanserte KI-verktøy vil kunne erstatte den menneskeskapte journalistikken vi har i dag.

Dei gode journalistiske forteljingane formidlar ikkje berre fakta, men òg kjensler og stemningar. Det er avgjerande for at vi skal kunne identifisere oss med menneske som er ramma av urett, krig og katastrofar og føle at det vedkjem oss. Nettopp mangel på er i dag ei av dei største svakheitene ved tekstar genererte av kunstig intelligens.

Arbeidsplassar og opphavsrett i fare

Mange journalistar opplever KI som ein trussel mot arbeidsplassen deira. I ei økonomisk krevjande tid vil mange mediehus la seg freiste til å erstatte menneskeleg arbeidskraft med teknologi, slik tilfellet var for nokre år sidan då mange typografar og trykkarar vart erstatta av datateknologi.

Bruk av KI utfordrar i tillegg opphavsretten. Når data blir henta frå eit utal av kjelder på nettet, korleis skal ein då vareta opphavsretten til dei ulike brotstykka av informasjon?

Fem ulike menneske står saman i ei gruppe og snakkar i lag. Ansikta deira er utanfor biletkanten. Ei teikna vektskål som illustrerer rett og galt, er i forgrunnen. Foto.

Presseetikk i ei ny tid

I november 2023 var fleire internasjonale journalist- og medieorganisasjonar samla i Paris for å utarbeide forslag til retningslinjer for bruk av KI i journalistikk. Dei slo fast at kunstig intelligens må brukast i tråd med det som i dag er grunnleggande verdiar i journalistikken, som etterrettelegheit, sjølvstende, kjeldevern og respekt for personvern og opphavsrett.

I tråd med dette er fleire norske mediehus òg i gang med å forme eigne retningslinjer. Eit viktig element er at KI-generert innhald alltid skal kvalitetssikrast av redaksjonelle medarbeidarar før publisering, i tråd med vanlege presseetiske krav.

Retningslinjer i Paris Charter on AI and Journalism
  1. Bruk og utvikling av KI-system i journalistikk må vareta presseetiske kjerneverdiar som krav til sanning, rettferd, sjølvstende, ansvar og respekt for personvern og kjeldevern.

  2. Menneskelege avgjerder må framleis vere sentrale i både strategiske og daglege redaksjonelle val.

  3. KI-systema som blir brukte av medium og journalistar, bør vere gjenstand for uavhengig, omfattande og grundig evaluering som involverer støttegrupper for journalistikk.

  4. Media skal alltid vere ansvarlege for det innhaldet dei publiserer.

  5. All bruk av KI som har ein vesentleg innverknad på produksjon eller distribusjon av journalistisk innhald, bør vere tydeleg merkt og kommunisert til alle mottakarar.

  6. Det skal vere mogleg å spore opphavet til det innhaldet som blir publisert.

  7. Journalistar og medium skal arbeide for å sikre eit tydeleg skilje mellom autentisk innhald og innhald som er laga eller endra ved hjelp av KI.

  8. Bruk av KI for automatisk tilpassing av innhald for ulike brukargrupper bør underleggast presseetisk vurdering.

  9. Sidan journalistar og redaksjonelle medium er viktige vaktarar av borgarane sin rett til informasjon, bør dei òg få ei aktiv rolle i styringa av KI-system.

  10. Bruk av KI-generert journalistisk innhald bør vere styrt av formelle avtalar som sikrar berekraftig journalistikk og interessene til redaksjonelle medium og journalistar. (Reporters Without Borders, 2023, sett om av NDLA)

Aftenpostens retningslinjer for bruk av KI
  • Aftenposten oppfordrer sine medarbeidere til å ta i bruk ny teknologi som et arbeidsverktøy. Vi skal forholde oss til generativ KI på samme måte som andre kilder og verktøy - kritisk og nysgjerrig.

  • Aftenpostens redaksjon skal kvalitetssikre KI-generert innhold.

  • Sensitive saker og opplysninger skal ikke deles med KI-tjenester før publisering.

  • I tilfeller der KI-teknologien spiller en avgjørende rolle for en publisering, skal dette fremgå tydelig og forståelig.

Hvordan jobber Aftenposten med KI-genererte artikkeloppsummeringer?

  • Aftenposten bruker en språkmodell som verktøy for å gi leserne en kortversjon av artiklene våre.

  • KI-genererte oppsummeringer leses, bearbeides, redigeres og kvalitetssikres av redaksjonen.

  • Oppsummeringer kan genereres når artikkelen er godkjent for snarlig publisering.

  • Det skal ikke genereres oppsummeringer før publisering av artikler med sensitivt innhold.

Hvordan jobber Aftenposten med KI-genererte bilder/illustrasjoner?

  • Aftenposten skal som hovedregel ikke bruke KI-genererte bilder som gir inntrykk av å være en reell situasjon, eller som kan forveksles med et fotografi.

  • Aftenposten kan eksperimentere med KI-genererte illustrasjoner og grafikker. Vi skal ha en varsom tilnærming, og publisering av disse må i testfasen vurderes av redaksjonsledelsen i hvert enkelt tilfelle.

  • Bruk av KI-genererte illustrasjoner skal merkes tydelig og forståelig.

Hvordan jobber Aftenposten med syntetiske stemmer?

  • Aftenposten bruker syntetiske stemmer for å formidle journalistisk innhold i lydformat.

  • Vi bruker KI for å trene opp den syntetiske stemmen, men det er redaksjonen som står ansvarlig for innholdet som leses opp.(Aftenposten, 2023)

Dagens Næringslivs retningslinjer for bruk av KI

Generative språkmodeller (Eks. ChatGPT, Bard o.l)

  • DNs journalister kan bruke språkmodeller som verktøy, men teksten skal alltid bearbeides av et menneske og ettergås gjennom ordinært kildearbeid.

  • Eksempler på bruk er; korrekturlesing, oversettelse, transkribering, tittelforslag, oppsummering, idéutvikling og generering av metadata.

  • Vi publiserer ikke uredigert tekst skrevet av generativ kunstig intelligens. Unntaket er når selve språkmodellen er et relevant journalistisk poeng. Da presiseres hvilke KI-verktøy som er brukt og på hvilken måte.

  • Vi verner om kildevernet og deler ikke sensitivt materiale eller personopplysninger.

Bilde- og videogeneratorer (Eks. Midjourney, Dall-E)

  • DN verner om det journalistiske fotografiets troverdighet, og manipulerer ikke bilder med kunstig intelligens eller annen teknologi.

  • Vi publiserer ikke KI-genererte bilder, eller video, som kan forveksles med ekte fotografi. Unntaket er ved omtale av teknologien eller tilknyttede nyhetssaker/problemstillinger.

  • Vi kan bruke KI-genererte illustrasjoner. Dette skal alltid godkjennes av redaksjonell ledelse.

  • Illustrasjonene skal merkes tydelig med kilde og relevant bakgrunnsinformasjon. De merkes for å unngå gjenbruk.

  • Rettigheter rundt KI-genererte bilder er fortsatt uavklart, og teknologien skal derfor brukes med varsomhet.

Annen bruk av kunstig intelligens

  • DN samarbeider med Amedia om utvikling av språkmodeller for nyheter skrevet på norsk. Dette brukes i dag til å anbefale relevante artikler i børstjenesten Investor, i vårt vinsøk og nederst i artikler.

  • Algoritmer medvirker til plassering av innhold i enkelte etasjer på DN.no. Det betyr at innholdet kan se forskjellig ut for forskjellige besøkende.

  • DNs automatiserte journalistikk (eks. boligroboten) er kvalitetssikret gjennom regelsett og artikkelmaler. Den publiseres derfor uten menneskelig godkjenning, og merkes som automatisk generert innhold. (Dagens Næringsliv, 2023)

VGs retningslinjer for bruk av KI
  • Første hovedregel er at VGs journalister skal forholde seg til bruk av tekst, video, bilder, lyd og annet innhold skapt ved hjelp av AI (generativ AI) på samme måte som andre kilder til informasjon; med åpen nysgjerrighet og med varsomhet.

  • Andre hovedregel er at bruk av generativ AI manuelt godkjennes før publisering. Unntak merkes tydelig.

  • Tredje hovedregel er at VG ikke skal bruke AI til å generere fotorealistiske bilder. Bruk av AI-generert innhold må aldri rokke ved det journalistiske fotografiets troverdighet. VG skal unngå å bruke AI til å forbedre/redigere fotografier og video, utover tradisjonell bildebehandling og beskjæring. VG kan derimot bruke AI til å generere illustrasjoner/grafikk/modeller. Dette skal merkes tydelig, og inntil videre konkret godkjennes av redaktør.

  • Fjerde hovedregel er at AI-generert innhold skal merkes tydelig, og på en måte som er forståelig.

  • Femte hovedregel er at VGs journalister i utgangspunktet kun bør dele materiale som er godkjent for umiddelbart publisering på VGs flater med AI-tjenester.
    Kildeopplysninger, personopplysninger eller sensitive opplysninger skal ikke deles med AI-tjenester uten godkjenning fra avdelingsleder, redaktør eller sikkerhetssjef. (VG, 2023)

Kjelder

Aftenposten. (2023, 26. september). Retningslinjer for kunstig intelligens (KI) i Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/JQA0Wb/retningslinjer-for-kunstig-intelligens-ki-i-aftenposten

Dagens Næringsliv. (2023, 25. oktober). Retningslinjer for redaksjonell bruk av kunstig intelligens (KI) i Dagens Næringsliv. https://www.dn.no/teknologi/retningslinjer-for-redaksjonell-bruk-av-kunstig-intelligens-ki-i-dagens-naringsliv/2-1-1463963

Reporters Without Borders (2023, 10. november). Paris Charter on AI and Journalism. https://rsf.org/sites/default/files/medias/file/2023/11/Paris%20Charter%20on%20AI%20and%20Journalism_0.pdf

Pettersen, L. (2023, 30. januar). Er ChatGPT en trussel for journalistikken? Les hva chatboten selv svarer. Kristiania. https://www.kristiania.no/kunnskap-kristiania/2023/01/er-chatgpt-en-trussel-for-journalistikken-les-hva-chatboten-selv-svarer/

Skaalmo, S. (2023, 4. desember). AI er her - ikke gjør denne tabben. Medier24. https://www.m24.no/debatt-ij-institutt-for-journalistikk/ai-er-her-ikke-gjor-denne-tabben/664561

Solberg, J. & Støle, F. (2023). Generativ kunstig intelligens i journalistikk [Masteroppgåve]. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. https://nmbu.brage.unit.no/nmbu-xmlui/bitstream/handle/11250/3079893/no.nmbu%3Awiseflow%3A6839529%3A54591785.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Lilleslåtten, M. (2023, 2. mai). AI-bilder stiller nye krav til norske medier – og til deg som scroller. Universitetet i Oslo. https://www.uio.no/om/aktuelt/universitetsplassen/nyheter/2023/ai-genererte-bilder-stiller-nye-krav.html

VG. (2023, 12. april). Redaksjonelle retningslinjer for AI i VG. https://www.vg.no/informasjon/redaksjonelle-avgjorelser/188

von Münchow, O. (2023, 8. juni). KI-bilder: Vi må ikke gi fra oss kontrollen. Journalisten. https://www.journalisten.no/ki-bilder-vi-ma-ikke-gi-fra-oss-kontrollen/575834

Greger, M. W. (2022, 9. desember). NRK innfører nye retningslinjer etter "kabelgate". Journalisten. https://www.journalisten.no/nrk-innforer-nye-retningslinjer-etter-kabelgate/548527

Relatert innhald

Bruk av kunstig intelligens er på full fart inn i mediebransjen. Gjer etiske problemstillingar synlege, og lag eit etisk regelverk for KI i mediebransjen.

Teknologi og digital medieutvikling har fått store konsekvensar for journalisten. Innovasjon og nyutvikling står sentralt i norske mediehus i dag.


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist