Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn tema og sak for journalistisk handsaming

Skaff deg oversikt over kva som skjer i nærmiljøet ditt, og finn ei sak du kan planleggje og jobbe med journalistisk.
Armer som samarbeider over et bord med post-it lapper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Først handlar det om å finne gode idear til ei sak. Det er viktig at du ikkje berre tenkjer på skulen din, venene dine eller interessene dine når skal bestemme deg for ei sak du vil jobbe med. Tenk heller: Kva skjer her vi bur? Kva er folk her opptekne av?

Oppgåve 1: Finn to saker du kunne tenkje deg å jobbe med i kvar av dei følgjande kategoriane

  • politikk
  • økonomi
  • utbygging
  • utdanning
  • næringsliv
  • sport
  • kultur

Når du har bestemt deg for tema, bør du tenkje nøye gjennom kva vinkling saka bør ha. Kva er det viktigaste du vil kaste lys over? Eit godt tips er å sjå for deg hva som kunne vore overskriftene i dei sakene du har idear om.

Hugs at saker kan vere så mangt, og i sakene du no skal finne, kan du sjå etter:

  • Hendingssaker

    Du fokuserer på noko som skjer eller har skjedd, eller nokon som har opplevd noko.

    For eksempel: Etterlyser fire mistenkte etter brutalt ran

  • Oppfølgingssaker

    Du skriv ei ny vinkling på ei tidlegare hending, som handlar om noko meir enn berre sjølve hendinga.

    For eksempel: – Det er ganske brutal vold

    Eller du sjekkar korleis det har gått med «gamle» saker: Om eit nytt tilbod for ungdom har vore vellykka eller ikkje, eller om folk er nøgde med den nye sykkelvegen, om barnehagetilbodet har blitt betre etter at kommunen innvilga meir pengar.

    For eksempel: Ni bustadhus gjenreist i Lærdal etter brannen

  • Saker med lokal vinkling

    I dei store avisene er det ofte saker som handlar om heile landet, og du kan skrive ei sak om det same temaet, men med ei lokal vinkling som gjer at det handlar om nærmiljøet ditt.

    For eksempel: 40 tunneler skriker etter vedlikehold og opprusting

Bruk også nyheitskriteria som eit arbeidsverktøy for å finne kva saker som har nyheitsverdi.

Legg særleg merke til nyheitskriteriet nærleik, som vil vere ekstra viktig for deg når du jobbar med lokale nyheiter.

Tips om korleis journalistar finn saker

Oppgåve 2: Vurder om dette er gode saker

Når du så har funne to saker for kvar kategori, må du sjekke om dette er gode saker:

  1. Er det fleire nyheitskriterium til stades i sakene?

  2. Vedkjem sakene lokalsamfunnet?

  3. Er sakene interessante for ei stor målgruppe?

Når du til slutt skal velje ei sak som du skal jobbe med journalistisk, kan det vere lurt å velje ei sak du sjølv synest er spennande, slik at du blir meir motivert for jobben. På den andre sida kan det også vere lurt å velje ei sak du ikkje bryr deg om, slik at det er lettare å vere objektiv.

Oppgåve 3: Førebu ei av sakene

  1. Les deg opp på saka. Ein journalist skal kunne ganske mykje om det han/ho skal skrive om.

  2. Lag ei liste over kva for kjelder du vil bruke. Lag spørsmål til desse kjeldene.

  3. Beskriv motivet i dei bileta du ønskjer å bruke i saka.

Relatert innhald

Ein journalist må ha kunnskap om kva hendingar som skal prioriterast og bli til nyheitssaker. Nyheitskriteria beskriv kjenneteikn ved nyheiter.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2017

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist