Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Digital kjeldekritikk og lokalavisjournalistikk

Lytt til ein podkast med journalist Ståle Grut om digital kjeldekritikk. Gjer deg erfaringar som lokal journalist, og skriv ein fagtekst som problematiserer digital kjeldekritikk.
Eit ansikt ser gjennom ein kikkert. Sirkelformer, prikkar og rutenett i ulike fargar i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv ein fagtekst

Skriv ein fagtekst der du jobbar spesielt med desse problemstillingane:

  • Korleis skil digital kjeldekritikk seg frå tradisjonell kjeldekritikk?

  • Kva bør ein journalist vere spesielt oppteken av ved bruk av digitale kjelder?

Arbeid med oppgåvene nedanfor som research til fagteksten.

Oppgåve 1: Lytt til podkast om digital kjeldekritikk

Ståle Grut er utdanna journalist og jobbar til dagleg i NRK Beta, ei leikegrind for teknologi i NRK. Her skriv han om medium, teknologi og kultur.

Lytt til podkastepisoden Digital kildekritikk frå Fagbokpodden (play.acast.com). Svar på spørsmåla:

  1. Ståle Grut seier i intervjuet at møtet ditt med kjeldene er totalt annleis i den digitale verda enn i den analoge. I kva grad er du einig med han i det? Grunngi.

  2. Ståle Grut gir oss fire steg vi bør ta for å kvalitetssikre informasjonen vi får via internett. Kva steg er det, og kva går dei ut på? Bruker du nokon av desse stega sjølv?

  3. I intervjuet nemner Ståle Grut Adi Robertsen, journalist i The Verge. Han siterer ho og seier: "Nettnyheiter fungerer ofte som kviskreleiken: Kvar gong nokon publiserer eller omskriv noko, er det ein sjanse for at viktige detaljar forsvinn."

    Kan du kome på døme frå ditt eige liv som underbyggjer dette sitatet?

  4. I intervjuet snakkar Ståle Grut om å "skjøne signala i nettet". Kva meiner han med det? I kva grad meiner du at du sjølv "skjøner signala i nettet"?

Oppgåve 2: Søkjeoppgåve

Undersøkingar viser at fleire norske medium har publisert innhald frå sosiale medium som har vist seg å stamme frå påverknadsoperasjonar. Særleg gjeld dette tweets frå Twitter. Det tyder på at norske medium gong på gong lèt digitale kjelder sleppe unna grunnleggjande kjeldekritisk behandling.

  • Gjer eit søk på internett og finn døme på dette.

  • Kva kan vere årsaka til det at slikt skjer?

Oppgåve 3: Undersøk

Det er vanleg for ein journalist å følgje med i sosiale medium i det daglege arbeidet. Ta kontakt med lokalavisa di og be om eit møte med nokre journalistar, gjerne eit videomøte. På møtet stiller du mellom anna spørsmål om korleis journalistane jobbar kjeldekritisk med digitale kjelder, ikkje minst når det gjeld sosiale medium.

Oppgåve 4: Jobb som journalist i lokalavisa

Bruk sosiale medium og gå på jakt etter ei nyheitssak som du meiner kan eigne seg for lokalavisa.

Følg desse fire stega i den digitale kjeldegranskinga di av saka:

  1. Stopp opp

    Når bør du stoppe opp som journalist når du kjem over ei aktuell nyheitssak?

    Viss ei historie fangar interessa di, stopp opp og sjå nærare på ho. Det er nokre raude flagg som bør dukke opp, og som indikerer at noko kan vere gale. Du kan til dømes ha ein sterk kjenslemessig reaksjon, eller historia verkar latterleg eller er for god til å vere sann.

  2. Undersøk kjelda

    Finn ut kvar historia kjem frå og når det skjedde.

  3. Finn truverdig dekning

    Er det nokon som har skrive om dette før?

  4. Finn den originale konteksten

  • Spor påstandar, sitat og medium tilbake til den originale konteksten sin.

  • Vil du publisere denne nyheitssaka? Grunngi valet ditt.

  • Kvifor vil du som journalist dele denne historia med lesarane dine?

Oppgåve 5: Skriv fagtekst

Bruk research og erfaringar som utgangspunkt for å skrive ein fagtekst om digital kjeldekritikk og lokaljournalistikk.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist