Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mediemedvit – repetisjon og test

Mediemedvit er eit av kjerneelementa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Test kunnskapsnivået ditt, åleine eller saman med ein medelev, og repeter viktige emne i kjerneelementet.

Kva er mediemedvit?

Læreplanen seier følgande om dette kjerneelementet:

Kjerneelementet mediemedvit handlar om kva påverknadskraft media har, korleis ein sjølv og andre bruker medium, og kva media har å seie for identitet og sjølvforståing. Kjerneelementet handlar òg om juridiske rammer for publisering, etisk medvit og ferdigheiter i kritisk analyse av ytringar og ulike kjelder til kunnskap og fakta. (Utdanningsdirektoratet, 2021)

Sjekk om du kjenner omgrepa og teoriane

Samarbeid to og to om å forklare omgrep og teoriar i kjerneelementet mediemedvit for kvarandre. Ikkje snu kortet før begge har forsøkt å finne rett forklaring.

Test kva du kan om mediemedvit

Denne testen kan du gjerne ta på eiga hand. Det gir ein pekepinn på kva du har fått med deg, og kva du må jobbe meir med.

Repeter viktige emne i kjerneelementet mediemedvit

Kanskje avslørte testane ovanfor at du framleis ikkje har full oversikt over viktige kompetansekrav i kjerneelementet innovasjon og medieutvikling? Då kan du få hjelp her.

Den interaktive ressursen nedanfor inneheld ei oversikt over sentrale emne og fagartiklar i kjerneelementet mediemedvit i faget medie- og informasjonskunnskap 1. I kvart av dei seks emna finn du sentrale fagartiklar, undervisningsvideoar og podkastar. Studer innhaldet i emna og noter ned dei viktigaste læringspunkta i stikkordsform.

NB: Jobb samanhengande eller bruk eit eige dokument.

For kvart emne er det mogleg å skrive i eit notatfelt og eksportere notata frå den interaktive ressursen til eit tekstbehandlingsprogram. Men funksjonen er ustabil og føreset at du jobbar samanhengande. Vi tilrår at du noterer i eit Word-dokument eller anna tekstbehandlingsprogram lokalt på pc-en din.

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2021). Kjerneelement. Læreplan i medie- og informasjonskunnskap (MIN01-03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/min01-03/om-faget/kjerneelementer

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2023

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1