Hopp til innhald

Fagstoff

Fagsamtalar i prosjekt

Undervegs i eit prosjekt er det nyttig å få rettleiing i ein fagsamtale. Å forklare prosessen for andre kan hjelpe deg til å sjå kva du bør jobbe vidare med. Gode råd frå lærar og medelevar kan bidra til nye løysingar. Fagsamtalar kan òg brukast til eigenvurdering og refleksjon rundt eiga læring.
Elev snakkar med lærar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er lurt å førebu seg før ein fagsamtale. Ta med deg skisser, planar, arbeidsteikningar og foto, slik at du kan visualisere ideen og arbeidsprosessen din. Øv deg på å bruke fagord når du beskriv prosjektet ditt.

Rettleiande spørsmål til ein fagsamtale

Idéutvikling

  • Korleis fungerte idéfasen? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor dersom det var noko som ikkje fungerte.
  • Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
  • Kvifor valde du den ideen du gjekk vidare med?

Planlegging og utprøving

  • Korleis fungerte førearbeidet og utprøvingane? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor dersom det var noko som ikkje fungerte.
  • Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

Gjennomføring

  • Korleis fungerte arbeidet med ideen din? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor dersom det var noko som ikkje fungerte.
  • Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
  • Har du andre kommentarar til arbeidet ditt og innsatsen din?

Eigenvurdering

  • Kva synest du om produktet ditt?
  • Ville du du ha gjort noko annleis dersom du skulle løyst oppgåva på nytt?

Refleksjon over eiga læring

  • Kva har du lært gjennom prosjektet?
  • Kva bør du jobbe vidare med?
CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2020

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1