Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis går munnleg eksamen for seg?

I løpet av skuletida skal du opp til minst éin munnleg eksamen. Mange gruer seg unødvendig mykje til denne. Førebu deg godt, så vil du kjenne deg mykje tryggare! Her får du vite korleis munnleg eksamen går for seg.
Ein elev og ein lærar sit og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonale retningslinjer for munnleg eksamen

Det er felles, nasjonale retningslinjer for korleis trekking og gjennomføring av eksamen skal gå for seg. Fylket ditt kan i tillegg ha meir detaljerte retningslinjer. Desse vil læraren din informere deg om.

48 timar før eksamen får du beskjed om kva fag du skal ha eksamen i. 24 timar før eksamen skal du trekkje eit tema eller ei problemstilling som du skal svare på under eksamen. Eksamensoppgåva vil vere så open at du kan ta nokre eigne val for innhald og form.

Førebuingstida før eksamen er obligatorisk, og i denne tida har du rett på eit pedagogisk tilbod. Det betyr at du skal ha tilgang til lokala til skulen, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar.

Førebudd presentasjon har blitt frivillig

Tidlegare var det eit krav om å halde ein førebudd presentasjon ved munnleg eksamen. Dette kravet er no oppheva. Det betyr at eksamen ikkje treng å starte med ein presentasjon. Du kan framleis gjere det, men du kan også vise kompetansen din på andre måtar. Kanskje kjennest det trygt å starte med ein førebudd presentasjon, eller kanskje får du vist kompetansen din betre på ein annan måte? Diskuter gjerne moglegheitene med læraren din, og vel den forma du kjenner deg tryggast på.

Eksamensoppgåva og eksamensgjennomføringa

Formålet med oppgåva og gjennomføringa av eksamen er at du skal få vist kompetansen din i så stor del av faget som mogleg. Det er viktig at du les oppgåva nøye, og at du ser særleg nøye på kva kompetansemål som er lista opp. Det er desse du skal bruke mest tid på å førebu deg på.

Du må vere førebudd på å få spørsmål frå store delar av læreplanen. Det kan verke uoverkommeleg, men hugs at ingen forlanger at du skal hugse alle detaljar. Det er viktigare å vise forståing enn å pugge fakta. Øv deg på å sjå dei store linjene!

Det er sett av til saman 30 minutt til eksamineringa di. Faglæraren din vil vere den som stiller deg spørsmål undervegs i eksamineringa. Av og til kan sensor komme med tilleggsspørsmål. Alle i rommet vil at du skal klare deg bra, så ikkje bli nervøs om du får mange spørsmål undervegs. Både faglæraren og sensoren vil leite etter kva du kan, og ikkje etter kva du ikkje kan.

Les alle reglane som gjeld for munnleg eksamen på udir.no.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2022

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1