Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til læring med video

Tenk over kva du allereie kan før du ser gjennom ein video, still spørsmål til det som blir formidla og legg merke til vanskelege ord og formuleringar. Dette er nokre av teknikkane du kan bruke når du lærer med video.
Gut ser på skjerm i eit klasserom. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aktiver forkunnskapane dine før du ser videoen

  • Kva kan du om dette emnet frå før?
  • Kva assosierer du dette med?
  • Kva for andre ord og omgrep brukar du når du snakkar med andre om dette emnet?
  • Har du lese noko i tidlegare tekstar eller sett andre videoar som handlar om det same?
  • Kva for forventningar har du til videoen?

Knytt ny kunnskap med den gamle etterpå

  • Kva har du lært og kvifor?
  • Kva for nytte har du av det nye du har lært ?
  • Still spørsmål til videoen undervegs.

Kva slags læringsstrategiar brukte du?

  • Korleis jobbar du for å hugse fakta?
  • Kva for tips vil du gi ein medelev?
  • Korleis opplevde du å sjå denne videoen?
  • Kva for tankar gjer du deg?
  • Korleis har du forsøkt å forstå innhaldet?

Anna du kan jobbe med:

  • Skriv ei oppsummering av videoen
  • Skriv ned vanskelege ord og formuleringar som blir brukte i videoen.
CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2019

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1