Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Journalistikk – repetisjon og test

Journalistikk er eit av kjerneelementa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Test kunnskapsnivået ditt, åleine eller saman med ein medelev, og repeter viktige emne i kjerneelementet.

Kva omfattar kjerneelementet journalistikk?

Journalistikk er eit av kjerneelementa i læreplanen for faget medie- og informasjonskunnskap. Det står følgande om dette kjerneelementet i læreplanen:

Kjerneelementet journalistikk handlar om å utvikle kompetanse om den samfunnsrolla media speler i eit demokrati med ytringsfridom og frie medium. I dette ligg òg medvit om presseetikk og kjeldekritikk og om kva som skil journalistikk frå andre ytringar i det offentlege rommet. Kjerneelementet handlar òg om å reflektere over korleis den teknologiske utviklinga påverkar journalistrolla, og om å produsere eigne journalistiske uttrykk.

Sjekk om du kjenner omgrepa og teoriane

Samarbeid to og to om å forklare omgrep og teoriar i kjerneelementet journalistikk for kvarandre. Ikkje snu kortet før begge har prøvd å finne rett forklaring.

Test kva du kan om journalistikk

Denne testen kan du gjerne ta på eiga hand. Det gir ein peikepinn på kva du har fått med deg, og kva du må jobbe meir med.

Repeter viktige emne i kjerneområdet journalistikk

Kanskje avslørte testane ovanfor at du framleis ikkje har full oversikt over viktige kompetansekrav i kjerneelementet journalistikk? Då kan du få hjelp her.

Den interaktive ressursen nedanfor inneheld ei oversikt over sentrale emne og fagartiklar i kjerneelementet journalistikk i faget medie- og informasjonskunnskap 1. Du bør opne han i fullskjerm og jobbe deg igjennom emna utan pause.

I kvart av dei seks emna finn du ei oversikt over sentrale fagartiklar, undervisningsvideoar og podkastar. Studer desse og noter ned dei viktigaste læringspunkta i stikkordform. Du kan òg legge til eksterne lenker som utdjupar eller eksemplifiserer fagstoffet. Bruk stikkorda du har notert, til å repetere dei viktigaste læringspunkta i kjerneelementet journalistikk.

NB: For kvart emne er det mogleg å skrive i eit notatfelt og eksportere notata frå den interaktive ressursen til eit tekstbehandlingsprogram. Men denne funksjonen er ustabil og føreset at du jobbar samanhengande. Vi tilrår at du noterer i eit Word-dokument eller eit anna tekstbehandlingsprogram lokalt på pc-en din.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Medie- og informasjonskunnskap (MIN01‑03). Kjerneelement. Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20[-03\om-faget\kjerneelement

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2023

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1