Hopp til innhald

Fagstoff

Utforsking og læring

Det er kjekt og interessant å utforske emne du er nysgjerrig på. Kanskje er det noko du vil vite meir om, eller du vil bli betre til noko heilt bestemt. Utforsking kan du gjere aleine eller saman med andre.
  1. Folk jobber på et gigantisk spørsmålstegn. Illustrasjon.
    Finn noko du er interessert i å finne meir ut av eller meistre betre. Skriv ei setning om kva du trur du vil finne ut om emnet, og eventuelt om korleis ting kan hengje saman.
  2. Ver med og bestem korleis du skal lære om emnet. Vil du lese eller lytte, skrive, snakke med folk eller øve på å gjere bestemte handlingar?
  3. Kva for kunnskapar har du frå før? Kva vil du gå vidare med og undersøkje, forstå og meistre betre?
  4. Kan du samarbeide med andre om dette temaet?
  5. Finst det menneske i nærmiljøet ditt du synst er spennande? Gjer og seier dei ting du vil vite meir om?
  6. Planlegg korleis du skal finne fram til fakta, historier og meiningar, og til korleis ting blir gjort.

    • Korleis skal du finne det du treng?
    • Kven kan du snakke med?
    • Lag ein plan for korleis du tenkjer å meistre betre noko du vil øve deg på.
  7. Få hjelp av læraren din til å formulere mål og spørsmål, og til å finne ressursar du treng for å nå målet ditt.
  8. Planlegg, vis, forklar og fortel til andre om det du har funne undervegs i prosessen.
  9. Tenkjer du over det du har lært undervegs? Kva forfølgjer du vidare?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2019

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1