Hopp til innhald

Fagstoff

Nyttige kjelder for mediefag

Her har du ei oversikt over kjelder som kan vere nyttige i arbeid med mediefag.
Mann som sit på toppen av ei bokhylle og les i ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjeldebruk og kjeldekritikk

  • Faktisk.no: Ein nettstad som faktasjekkar det offentlege ordskiftet og avdekkjer falske nyheiter.

  • Kildekompasset: Nettstaden viser korleis du bruker kjelder rett.

  • TinEye: Biletsøkjemotor. Du kan laste opp eit bilete, og så vil søkjemotoren finne liknande bilete frå andre stader på nettet.

Offentlege instansar

  • Digitaliseringsdirektoratet: universell utforming av IKT: Digitaliseringsdirektoratet er eit forvaltningsorgan som utviklar offentlege etatars kompetanse på digitaliseringsområdet.

  • Medietilsynet: Medietilsynet er eit statleg organ som mellom anna fører tilsyn med marknads- og eigarforhold i media, set aldersgrenser på film og behandlar klager som gjeld kringkasting.

  • Regjeringa: søk (medier): Her finn du informasjon frå regjeringa om medierelaterte saker.

  • Stortinget: søk: Hald deg oppdatert det som skjer på Stortinget. Bruk til dømes "medium" som søkjeord, eller klikk deg inn på "saker" og sjå kva som er under behandling

Redaksjonelle nasjonale medium i Noreg

Aviser og nettbrett. Foto.
  • Dagens Næringsliv er ei dagsavis som særleg har stoff om næringsliv og økonomi.

  • Dag og Tid er ei vekeavis på nynorsk med mykje kommentar- og debattstoff.

  • Klassekampen er ei uavhengig og radikal avis. Avisa definerer seg som «dagsavisa til venstresida».

  • Morgenbladet er ein uavhengig kultur- og kommentaravis.

  • Nationen er ei avis som kallar seg «næringsavisa til distrikta»

  • NRK er ein statleg eigd, norsk allmennkringkastar.

  • NTB er norsk presses sentrale nyheits- og biletbyrå.

  • TV 2 er ein kommersiell allmennkringkastar, etablert i 1991 som Noregs første private TV-selskap.

  • VG er ei landsdekkjande laussalsavis.

  • A-tekst er eit digitalt arkiv som inneheld nyheiter frå både trykte og digitale kjelder (spør lærar eller bibliotekar om innlogging).

Bransjen

Kvinneleg reportar framfor kamera. Foto.
  • Journalisten er eit bransjeblad for pressefolk.

  • Kampanje er eit bransjemagasin for media- og kommunikasjonsbransjen.

  • Kreativt Forum er ein nettstad som omtaler kreativt kommunikasjonsarbeid.

  • Grafill er ein organisasjon for utøvarar og studentar innan design og illustrasjon, med fyldig nettside.

  • Norsk filminstitutt er forvaltningsorganet til staten på film- og speleområdet. Norsk filminstitutt gir tilskot til utvikling, produksjon, lansering og formidling av filmar, seriar og spel.

  • Rushprint er eit nettmagasin for film-, tv- og kinolivet i Noreg og Norden, og for den film- og tv-interesserte.

Tal og statistikkar

Til inspirasjon

  • NDLA: NDLA film: Her finn du kortfilmar, spelefilmar og dokumentarar med open lisens.

  • Pinterest: Her kan du finne inspirasjon til arbeidet ditt. Søk til dømes på "brochure inspiration". Pinterest krev at du registrerer deg.

  • Tineye: Multicolr: Search by color: Her kan du gjere bildesøk basert på fargar.

Ønskjer du fleire kjelder til inspirasjon?

Sjekk ut denne ressursen frå NDLA:

Guide: medieinnhald til nedlasting

Silhuett av ein mann med briller som redigerer lyd på ein skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Om medie- og informasjonskunnskap 1