Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mediegrafi

Kunnskap om fortida hjelper oss til å forstå den tida vi sjølve lever i – og til å reflektere over korleis framtida vil bli. I denne oppgåva skal du utforske eigen mediebruk og samanlikne han med måten generasjonane før deg brukte media på.
Ein mann i dress har ein gut på fanget, og ei kvinne i mørk kjole har ei jente på fanget. Dei sit ved eit radioapparat. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med denne oppgåva er å få innsikt i samanhengen mellom dine eigne medieopplevingar og tidlegare generasjonar sine medieopplevingar.

Gjennom å utforske medieopplevingar i fire generasjonar får du verdifull innsikt som gjer deg i stand til å reflektere kritisk over dagens globaliserte mediesamfunn.

Lag forteljingar om det du finn ut, og bruk desse som utgangspunkt for eigen refleksjon.

Formål med arbeidsoppgåva

Tenk deg at arbeidet med denne oppgåva skal gi deg innsikt i samanhengen mellom dine og tidlegare generasjonar sine medieopplevingar.

Undersøk fortida med tanke på å forstå notida og tida som kjem.

Du vil få verdifull innsikt til å kunne reflektere kritisk over dagens mediesamfunn.

1. Vel deg eit fokus

Du kan velje å fokusere på individet eller på samfunnet. Er du oppteken av mediebruken og korleis han har endra seg? Eller er du mest oppteken av medieutviklinga i samfunnet? Eller kanskje du er nysgjerrig på kva for medieopplevingar som har sett dei djupaste spora i dei ulike generasjonane?

  • Formuler ei problemstilling.
  • Vel deg nokre av temaa i skjemaet nedanfor og fordjup deg i dei.
  • Pass likevel på å samle inn informasjon også om dei andre punkta, slik at du har ein kontekst for det du fordjupar deg i.

Oldeforeldre-generasjon

Besteforeldre- generasjon

Foreldre/ føresette

Meg sjølv

Yrke

Heimland

Stader

Tid

Endringar i livsstil/ klassereise

Utdanning

Familie

Første utanlandsreise/ reiser

Språkkunnskapar

Medium og kommunikasjon

Global mediehending

Interesser

Motstand mot

Identitet

2. Førebu intervju

Set deg inn i intervju som utforskingsmetode og formuler ein intervjuguide som du bruker når du snakkar med informantane du har valt ut.

Ein informant er ein person som du vel å hente informasjon frå for å belyse problemstillinga di. Kva for informantar har du tilgang til i ulike generasjonar? Ein intervjuguide inneheld alle hovudspørsmåla du skal stille, og moglege oppfølgingsspørsmål.

Kanskje må du tilpasse intervjuguiden noko når du snakkar med informantar som tilhøyrer ulike generasjonar. Kanskje dei nest eldste må svare for dei eldste?

3. Samle bilete, lyd og video

  • Har du tilgang til eller kan du få tak i gamle bilete eller videoopptak? Slike historiske kjelder kan gi tilleggsinformasjon til undersøkinga di.
  • Dersom du ønsker å ta lydopptak eller filme intervjuet, må du be om tillating frå den du intervjuar, og gjere det klart korleis du tenker å bruke desse opptaka i etterkant.

4. Analysere materiale

Gå gjennom og systematiser intervju og materiale.

  • Hugs å ha fokus på problemstillinga du formulerte. Omformuler om nødvendig.
  • Kva delar av informasjonen du har samla, eignar seg til å belyse problemstillinga?
  • Bruk gjerne skjemaet over til å sortere funna dine.
  • Kva er mest interessant å fortelje om? Korleis skal du få fortalt det?
  • Skriv eit manus og skisser eit storyboard.
  • Planlegg opptak eller innhenting av informasjon, bilete, lyd og/eller videoopptak du manglar.

5. Set saman ei forteljing

Set saman lyd, bilete og video. Ha ei felles framvisning i klassen og diskuter:

  • Kva for likskapar og forskjellar finst i mediebruk på tvers av generasjonane?
  • Korleis har samfunnet endra seg på fire generasjonar?
  • Kva betydning har media hatt i samfunnet og for individet før og no?

6. Reflekter og lever

Reflekter over og lever arbeidet etter avtale med lærar.

Kjelde

Schofield, D. (2017). Mediegrafi – et verktøy for dybdelæring og
refleksjonskompetanse i mediefag. Mediepedagogene. Forum for medieundervisning. http://www.mediepedagogene.no/documents/Mediegrafi_Mediepedagogene.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2019

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar