Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

I denne læringsstien skal du fordjupe deg i ei sentral mediehistorisk hending og presentere for medelevar kva konsekvensar denne hendinga fekk.

I læringsstien finn du mediehistoriske oversikter og lenkjer til fordjupingsstoff. Det er ikkje meininga at du skal setje deg inn i alt, men velje ei hending du vil fordjupe deg spesielt i. Du kan deretter søkje opp meir informasjon om denne hendinga på andre nettstader eller i bøker på biblioteket.

Når du har jobba med denne læringsstien, skal du

  • ha sett deg grundig inn i ei bestemd mediehistorisk hending og dei konsekvensane denne hendinga fekk for ettertida
  • ha fått ei djupare forståing av korleis teknologisk utvikling og bestemde hendingar påverkar medium, individ og samfunn
  • kunne presentere eit mediefagleg emne ved hjelp av visuelle verkemiddel slik at det blir interessant for unge på din eigen alder