Hopp til innhald

Fagstoff

Klipp frå radioprogram (6:36): historia til Facebook

NRK-programmet Kurer fortel om korleis Facebook blei til.

Kurer om historien til Facebook

0:00
-0:00
Tekstversjon av Kurer-klippet om historia til Facebook

Deltakarar:
PL = programleiar
ES = Eirik Solheim
MZ = Mark Zuckerberg

(skodespelarar snakkar engelsk)
PL: Facebook blei danna på ein hybel … (skodespelarar snakkar engelsk) … og Facebook voks grotesk fort og blei snart eit verdsomspennande sosialt medium.

Kvinne: Så måndag så skreiv eg liksom: "Oda baker og drikk Baileys." Det er liksom … (ler)

ES: I starten av 2007 var det cirka 3 000 nordmenn registrerte på Facebook, og ved utgangen av 2007 var det 1 million.

(skodespelarar snakkar engelsk)

PL: Historia er vill, om vi ser på filmversjonen eller verkelegheita, men det er ikkje over enno.

ES: Det blir spennande å sjå korleis dei posisjonerer seg framover.

PL: Facebook er i stadig endring, og korleis det endrar seg, skal vi sjå på i Kurer i dag.

ES: Folk ler vel kanskje meir av det no viss du berre driv og postar bilete av frukosten din og fortel at du nettopp har teke ein dusj.

PL: Men først: historia.

(musikk)

PL: I starten var det ein bitte liten nettstad som heitte The Facebook.

(skodespelarar snakkar engelsk)

ES: Akkurat for Facebook så begynte det vel med at ein del av kollegaene mine etter kvart begynte å seie litt mange gonger at "Nei, no må du ta ein titt på dette Facebook-greiene".

PL: Eirik Solheim er NRK sin mann på teknologi og sosiale medium, men ikkje eingong han skjønte greia med Facebook i starten.

ES: Så vidt eg hugsar, så var vel òg reaksjonen på Facebook at eg var litt sånn usikker på om eg trong det til noko som helst.

PL: Ikkje alle forstod kva dei skulle med det, og ikkje alle forstod heilt korleis ein gjorde det heller, i starten. Blant dei Mina på NRK P3.

Mina: Korleis, korleis, korleis, korleis gjer eg det her, då? Er det …? Mina@nrk.no, har du noko Facebook-bullshit? Eg seier ja. Eg er den nye Facebook-venen din.

Kvinne: Ja, men du skjøner det, Mina, poenget er at du må få mest mogleg folk til å verve deg, ikkje sant? Dei må skrive og søkje deg opp, og sånn blir du vener med dei.

PL: Sidan 2004 har 2 millionar nordmenn og 500 millionar verdsborgarar logga seg på Facebook, Face eller fjesboka, då, som nokon absolutt skal seie.

ES: Verdas nest største nettstad etter Google, med over 500 millionar registrerte brukarar. Så status er vel at dei er ein gigantisk nettstad.

(skodespelarar snakkar engelsk)

ES: Det begynte som eit meir eller mindre lukka studentnettverk for studentane på Harvard, der Mark Zuckerberg, som laga Facebook, sjølv var student. Sånn at det begynte som eit nettverk der studentane der kunne kommunisere og finne kvarandre og avtale møte og festar og så vidare. Og så utvida dei sakte, men sikkert til andre universitet og høgskular.

Kvinne: Ja, eg hadde sånn skikkeleg mykje statusoppdateringar før. No skriv eg dei berre av og til. Og då får eg så mange kommentarar kvar gong. Det er veldig hyggjeleg, då.

PL: I dag har Facebook slått an på norske universitet òg, og det skal vi kome tilbake til seinare. Korleis er det ein byggjer ein nettstad som Facebook?

ES: Ein begynner gjerne med – sånn som Facebook, og for så vidt YouTube og Google òg – nokre veldig dedikerte, som oftast ganske flinke programmerarar, som set i gang og rett og slett programmerer opp denne tenesta og gjer ho tilgjengeleg på nett, og så ser ein litt om folk begynner å bruke det, og så byggjer det sakte, men sikkert vidare. Så det er i første omgang ein programmeringsjobb kombinert med ein god del forståing av brukarvenlegheit og interaksjonsdesign og sånt. For ein del av desse tenestene som blir veldig store veldig fort, ber preg av at dei som har laga dei, har hatt litt tanke for brukarvenlegheit og design, og ofte at det er noko med enkelheita, der Google er eit veldig godt døme. For dei har halde på den heilt ekstremt enkle framsida si gjennom det heile. Og der desse to relativt tungt teknisk interesserte personane som laga Google, tydelegvis hadde ein teft for det enkle grensesnittet mot brukaren. Og det same gjeld YouTube, som også hadde noko veldig tydeleg og enkelt ved seg. Og Facebook òg, som dei fleste forstår relativt fort, sjølv om Facebook har begynt å bli ei ganske kompleks teneste. Så …

(skodespelarar snakkar engelsk)

PL: No er han på toppen av alt, eigentleg. Han er den yngste dollarmilliardæren i verda. Han toppar listene til tunge amerikanske magasin over dei som har mest makt, dei som har mest påverknad i tiåret vårt. Men då Mark Zuckerberg starta, var han berre ein av mange nerdar på Harvard, eigentleg. I eit intervju gjort av Business Insider på YouTube prøver han å fortelje om korleis han tenkte den gong.

MZ: In my sophomore year at Harvard, when I first built this, there was a lot of really interesting stuff going on. I mean, there were two primary things that were happening, kind of at the same time. The first was, like any college student, I just spent a lot of time hanging out with my friends … (stemma blir gradvis dempa)

PL: Folk lastar opp informasjon om seg sjølv på Facebook. Og då Mark skapte denne moglegheita, var det college-studentar han hadde i bakhovudet, sjølvsagt. Og kva var dei opptekne av? Jo, å finne seg ein gut eller finne seg ei jente å hooke opp med, eventuelt bli kjærast.

(skodespelarar snakkar engelsk)

PL: Så på Facebook er ein anten "Single" eller "In a relationship". Det var ikkje sjølvsagt at den informasjonen skulle kome med. Og er ein skikkeleg stor, så blir det jo alltid laga ein film om deg, og Facebook-filmen kom til Noreg førre veke: "The Social Network". Her får vi historia om korleis Facebook blei til: Ung nerd rappar delvis ein idé, tråkkar litt på vener og utviklar etter kvart ein nettstad som slår ned som ei atombombe.

(skodespelarar snakkar engelsk)

CC BY-SASkrive av Totaltekst.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar