Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter filmen Døden er et kjærtegn

Edith Carlmar (1911–2003) var Noregs første kvinnelege spelefilmregissør. Film noir-filmen Døden er et kjærtegn (1949) var den første filmen ho laga. I denne oppgåva skal du lage ein presentasjon av denne filmen.
Filmregissør Edit Carlmar filmer i Oslo i 1964.

Hovudpersonane i filmane er ofte sterke kvinner. Filmane ho laga speglar i stor grad det folk i Noreg var opptekne av på 1950-talet.

Fleire av filmane har ein erotisk undertone. I filmen Døden er et kjærtegn møter direktørfrua Sonja bilmekanikaren Erik. Dei er besett av kvarandre og innleiar eit forhold prega av sterkt seksuelt begjær.

Carlmar har også laga populære situasjonskomediar som Fjolls til fjells frå 1957. I filmen gjer portieren Poppe (Leif Juster) og pikkoloen Rudolf (Unni Bernhoft) sitt beste for å gje gjestane ved høgfjellshotellet Hurumhei ein fin påskeferie.

Oppgåve 1

  1. Edith Carlmar var den første kvinnelege filmregissøren i Noreg. Lag ein kort biografi på ca. 250 ord, der du også omtalar dei filmane ho laga.
  2. Filmen Døden er et kjærtegn var ein kontroversiell film i samtida. Kva var det folk reagerte på? Korleis trur du folk hadde reagert på denne filmen i dag?
  3. Sjå klippet frå filmen Døden er et kjærtegn. Kva kjenneteiknar filmspråket i denne filmen?

Oppgåve 2

Lag ein presentasjon for klassen med tittelen ”Døden er et kjærtegn – ein norsk film noir”.

Relatert innhald

Filmsjangeren film noir var poulær i USA på 1940-talet. Filmane er ofte baserte på detektiv-historier og skildrar personar og bruker low-key lyssetjing.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar