Hopp til innhald

Fagstoff

Elleve epokar i filmhistoria

Filmspråket har utvikla seg kontinuerleg frå 1890-talet og fram til i dag. I denne oversikta har vi likevel valt å presentere ti viktige stilepokar i filmhistoria. Filmspråket speglar politisk og filosofisk tankegods i den perioden filmane har blitt til i.

Stumfilmen (1890–1930)

Ein mann målar ei kvinne. Filmutsnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet stumfilm blir brukt om ein film som berre inneheld bilete, ikkje lydspor. Dei første åra var det vanleg at filmvisinga blei akkompagnert av ein pianist eller eit orkester. I mange stumfilmar blei delar av forteljinga formidla ved hjelp av trykte tekstplakatar, såkalla mellomtekstar. Stumfilmen hadde styrken sin i bruken av lys og skugge, og stumfilmstjernene var meistrar i å vise kjensler ved hjelp av gestar, blikk og mimikk. Les meir om stumfilm.

Klassisk film (frå 1910)

Mann kysser kvinne på handa. Filmutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det som ofte blir kalla den klassiske forteljande filmen, er i særleg grad knytt til den amerikanske filmen, slik denne blei utvikla i Hollywood i perioden frå rundt 1910 fram til slutten av 2. verdskrigen. Den klassiske filmen etablerte eit sett med normer for kva som blir oppfatta som naturleg når vi ser fiksjonsforteljingar på film. Les meir om klassisk film.

Montasjefilm (1920-talet)

Til venstre eit bilete av eit barn i ei kiste, til høgre eit bilete av ansiktet til ein mann. Filmutsnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Montasje handlar om å oppnå ein bestemt effekt gjennom å setje saman fleire element på ein spesiell måte. Samankoplinga formidlar då ein annan bodskap enn enkeltelementa kvar for seg. I film er omgrepet montasje knytt til teknikkar som blei utvikla av sovjetiske filmskaparar på 1920-talet. Nokre gonger snakkar ein difor om sovjetisk montasjefilm. Les meir om montasjefilm.

Ekspresjonistisk film (1930-talet)

Bildeutsnitt fra den tyske ekspresjonistiske stumfilmen Dr. Caligaris Kabinett fra 1920.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ekspresjonismen er ei filmatisk stilretning som oppstod i Tyskland i tida etter første verdskrigen, før nazistane overtok makta på byrjinga av 30-talet. Det filmatiske uttrykket slektar på annan ekspresjonistisk kunst, særleg den modernistiske målarkunsten, med bruk av få detaljar og forvridde former. Les meir om ekpresjonistisk film.

Neorealisme og poetisk realisme (1940-talet)

Mann og kvinne. Filmutstnitt.

Neorealismen oppstod i Italia i tida like etter 2. verdskrigen, som ein reaksjon mot den klassiske filmen. I staden for fantasiforteljingar ville ein lage filmar som viste vanlege menneske og realistiske person- og miljøskildringar. I Frankrike kom realismen i filmen til uttrykk på ein annan måte, gjennom det som blei kalla poetisk realisme. Les meir om neorealisme og poetisk realisme.

Surrealistisk film (frå 1930)

Eit auge er målt inn i flata på ei hand. Det kjem maur ut av auga. Foto.

Surrealisme er ei kunstretning som for alvor slo igjennom på 1920-talet. Surrealistane tok utgangspunkt i det umedvitne som inspirasjon i kunsten. Dei var inspirerte av psykoanalysen slik han blei utvikla av Sigmund Freud og elevane hans. Les meir om surrealistisk film.

Film noir (1940-talet)

Ei dame og ein mann i skuggen av ein bygning. Filmutsnitt.

Film noir er ein filmsjanger som hadde storheitstida si i USA på 1940-talet, men med viktige referansar til europeisk førkrigsfilm. Sams for filmane i denne sjangeren er såkalla low-key lyssetjing, som er kjenneteikna av tydelege skilje mellom lys og mørkre. Eit anna trekk er at mange av filmane hentar handlinga frå detektivhistorier eller historier som på eit eller anna vis handlar om lovbrot. Les meir om film noir.

Fransk nybølgjefilm (1950-talet)

Mann held rundt ei dame. Filmutsnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På 1950-talet dukkar meir modernistiske tendensar frma hos unge franske filmregissørar. Dei var opptekne av film som kunstuttrykk, og såg på regissøren som ein kunstnar som brukte kameraet på same vis som forfattaren brukte pennen og målaren penselen. Filmane fekk eit dokumentarisk preg, sidan opptaka gjekk føre seg på location, ikkje i studio. Les meir om fransk nybølgjefilm.

Postmodernistisk film

Familen Simpsons framfor huset sitt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mens modernismen stiller seg avvisande til massekulturen, gjer postmodernismen det motsette. Dei kombinerer nytt og gamalt, høgkultur og massekultur. Postmoderne filmskaparar speler på allusjonar (referansar) til kjende medietekstar og ironiserer over både eigne og andre sine verk. Resultatet er ofte eit leikande og frodig uttrykk. Les meir om postmodernistisk film.

Dogmefilm (1990-talet)

Tre vaksne løper nakne gjennom ein hage, ein fjerde person har ramla. Filmutsnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dogmefilm er eit konsept som blei introdusert i 1995 av ei gruppe danske filmregissørar som kalla seg Dogme 95. Gruppa ønskte å skape ei motvekt mot kommersialiseringa og fokuset på effektmakeri i film. For å oppnå dette laga dei ei rekkje reglar som skulle sikre at filmane blei enkle, og som regissørane måtte skrive under på. Les meir om dogmefilm.

Digital film

Skiten mann i bil. Filmutsnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digitalisering og ny teknologi har gitt filmskaparar fleire avanserte visuelle verkemiddel. Visuelle effektar (VFX) blir brukte for å lage truverdige levande bilete i filmar som det elles ville vere for dyrt eller vanskeleg å lage, og kan betre og utsmykke filmopptak i postproduksjonen til filmen. Les meir om digital film.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal, Jon Hoem, Sissel Stokkedal og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar