Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap eit kunstverk på nytt

Det einaste du treng, er eit stykke kunst og din eigen fantasi.
Til venstre: maleriet Pike med perleøredobb. Det viser ei ung jente som vender hovudet mot målaren. Ho har eit tørkle i blått og gult på hovudet, og ei stor perle heng i ein øyredobb ned frå øyret hennes. Til høgre: eit fotografi av ein mann med skjegg i same positur og med same klede og øyredobb som jenta på det klassiske måleriet til venstre. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dette oppdraget skal du finne eit verk frå kunsthistoria og lage din eigen versjon. Versjonen din bør vere mest mogleg lik originalen, men det er lov å spele på humor eller andre verkemiddel.

For å få inspirasjon, kan du søkje på "art remake" på internett. Du finn òg eksempel på kreative rekreasjonar på emneknaggane #betweenartandquarantine og #tussenkunstenquarantine. På norsk betyr emneknaggen "mellom kunst og karantene". Desse bileta vart skapte våren 2020 av folk som kjeda seg heime under koronapandemien.

Arbeidsprosess

  • Finn ut kva kunstverk du vil skape på nytt.
  • Planlegg opptak. Kvar kan du ta biletet? Kva treng du av rekvisittar? Treng du ein modell? Studer kunstverket nøye!
  • Ta foto. Pass på at du får same biletutsnitt, vinkel, lys og fargar i din eigen variant.
  • Rediger biletet i eit passande biletbehandlingsprogram.
  • Presenter versjonen din ved sida av originalen, slik som bileteksempla her.

Nyttige kjelder

Mange museum og galleri har gode kunstsamlingar på nett. Du kan til dømes sjekke ut desse nettsamlingane:

Til venstre: måleriet Folk humour. Det viser to menn som står med ryggen til kvarandre. Dei ser opp mot himmelen. Begge har skjegg og kalott på hovudet, og den eine held ein hane i armane. Det flyg pærer over hovuda deira. Like bak dei svever ei kvinne på magen. Til høgre: to menn med påteikna skjegg i same positur som mennene på måleriet til venstre. Den eine held ein hane av papir i armane. Over dei heng grøne eple ned frå taket. Bak dei ser ein ei kvinne i same positur som kvinna på måleriet til venstre. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idear til meir arbeid

  • Undersøk den kunsthistoriske epoken som verket ditt stammar frå. Finn kjenneteikn ved epoken, og vurder korleis ditt kunstverket du valde passar inn i epoken. Presenter for klassen.
  • Lag ei utstilling av alle i klassen sine bilete. Inviter andre til opninga, og hald ein vernissasje.
  • Saml bileta til klassen i ein emneknagg i sosiale medium, eller del bileta på nettsida til skulen, skulen sin Facebook-profil og liknande. Hugs å be om løyve på førehand!
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar