Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmavisa – 50-talets Dagsrevy

Filmavisa var 50-talets Dagsrevy. Med det som vi i våre dagar oppfattar som overdriven framtidsoptimisme og nasjonalpatriotisme, spelte Filmavisa ei viktig rolle i gjenreisingstida etter 2. verdskrigen.
Inngangen til Paladsteatret med reklame for Filmavisen - Verden rundt. Historisk foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sjå eit par innslag frå Filmavisa på NRK Skole.

  • Kva for kvardagshendingar blir presenterte i desse klippa?

Oppgåve 2

Lag ei kort analyse av form og innhald i dei to klippa du har valt.

Oppgåve 3

Samanlikn Filmavisa med dagens Dagsrevy eller TV 2-nyheiter.

  • Kva er dei største innhaldsmessige forskjellane?
  • Kva er forskjellig når det gjeld måten stoffet blir presentert på?

Oppgåve 4

Sjå om lag 30 sekund av filmavis-parodien Ute av syne, ute av sinn frå NRK-programmet Ut i vår hage 2.

(Parodi på filmavisinnslag blir vist) Det er i år tre år siden skogutsettingskampanjen Ute av syne, ute av sinn ble satt i verk, og nå begynner tyskerungene å vende tilbake fra skogene. I forrige uke dukket denne ulvegutten opp og ble anbrakt på et barnehjem sammen med andre gutter som er oppvokst i de norske skoger. Denne tyskerungen vokste opp med ekorn, denne tyskerungen vokste opp med maur, og denne gutten vokste opp med noe gress. (innlesar vender seg til innspelingsleiar) Gress! Sa jeg gress godt nok, eller skulle jeg skrike enda mer?

  • Lag ein liknande parodi på filmavisa med utgangspunkt i ei lokal nyheit.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar