Hopp til innhald

Fagstoff

Sleipe skurkar og heite elskarar

Actionfilmar er prega av spenning, valdsscener og en rask klipperytme. Eit melodrama er ein film som er prega av sterke kjensler.
Scene fra James Bond-film

Actionfilm

Actionfilm er ein filmsjanger som har fått namnet sitt frå det engelske ordet for handling, action. Handlinga i ein actionfilm er gjerne prega av valdelege hendingar som ofte blir drivne fram av hovudpersonen (protagonisten) sin kamp mot tida og motstandarane (antagonistane). Spektakulære slagsmål, biljakt, skytescener og eksplosjonar er faste ingrediensar i slike filmar.

Actionfilmar er ei gammal oppfinning, og vi finn slike verkemiddel alt i klassiske filmar, som D. W. Griffiths The Birth of a Nation frå 1915. I nyare tid har mellom anna filmane om James Bond vore drivande for denne sjangeren. Helten i Bond-filmane er ein britisk etterretningsagent. Fram til først på 1990-talet handla filmane mykje om konfliktar knytte til den kalde krigen mellom aust og vest. Bond-filmane var kostbare produksjonar. Då Bond på eit tidspunkt slutta å køyre Aston Martin og bytte til BMW, var grunnen rett og slett at BMW var villige til å betale så mykje for denne produktplasseringa at filmselskapet ikkje kunne seie nei.

Signaturen til ein actionfilm er vald og øydelegging. I den første Matrix-filmen blir dette teke ut i det parodiske, på same tid som det heile får karakter av å vere ein musikkvideo. Sjå "The Matrix Lobby Scene" på YouTube.

Kjærleik og erotikk

Dei aller fleste fiksjonsfilmane inneheld ei eller anna kjærleikshistorie. Men i ein del filmar er hovudkonflikten basert på den kampen dei elskande må føre for å få kvarandre til slutt. Filmar om sterke kjensler, undertrykt lidenskap og knuste hjarte høyrer til sjangeren melodrama. Filmen Titanic er eit klassisk melodrama, der forholdet mellom de to som elskar kvarandre overskyggjer historia om sjølve skipsforliset.

Erotiske filmar viser seksualitet som ein vesentleg del av handlinga, men utan å vise så mykje at det blir rekna som pornografi.

Eit døme er filmen Sansenes rike, regissert av den japanske filmkunstnaren Nagisa Oshima. Filmen fortel om eit erotisk tilhøve mellom ein geisha og mannen til eigaren av det bordellet der geishaen arbeider. Handlinga viser seksuelle aktivitetar med hovudvekt på samleie. Samstundes er filmen òg eit psykologisk drama, der hovudpersonane tøyer grensene for kvarandre sin seksualitet og kjensleliv på stadig meir utagerande måtar.

Prøv sjølv!

Du lærer mykje om filmsjangar gjennom å lage filmscener sjølv. I filmen Kjærlighet har elevar ved Vågsbygd vidaregåande skule og Vennesla vidaregåande skule i fellesskap forsøkt seg på denne sjangeren:

CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 07.01.2018

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar