Hopp til innhald

Fagstoff

Heltar og skurkar i kriminalseriar

TV-seriar om etterforsking og oppklaring av brotsverk er populær underhaldning. Plottet i ein kriminalserie på fjernsyn er inspirert av den klassiske detektivromanen. Mange TV-seriar er baserte på kjende kriminalromanar.
Bilde fra Tv-serien Broen med Sofia Helin og Kim Bodnia i hovedrollene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den klassiske detektivforteljinga

Den tradisjonelle detektivromanen har ei rekkje faste og nærmast ufråvikelege konvensjonar: løysinga av mysteriet tek form av eit puslespel der alle brikker til slutt fell på plass, og lesaren skal då ha dei same moglegheitene som detektiven til å løyse gåta. Intriga er langt viktigare enn person- og miljøskildring.

Desse konvensjonane har utgangspunktet sitt i Edgar Allan Poe, som skapte både detektiven og den moderne kriminalforteljinga. Poe skreiv berre tre kriminalnoveller, men allereie i den første av dei – "The Murders in the Rue Morgue" (1841) – klargjorde han minst seks element som blei til faste trekk ved detektivromanen:

  1. det tilsynelatande perfekte brotsverket
  2. den ikkje-skuldige som alle mistankar og indisium peikar mot
  3. mangelfult arbeid av politiet
  4. den eksentriske detektiven med eit intellekt som kan løyse alle problem
  5. ein noko seinttenkjande medarbeidar, gjerne forteljaren av historia
  6. påstanden om at tilsynelatande viktige prov alltid er irrelevante

Kjelde: Skei, Hans H. (2017, 5. mai). Kriminallitteratur. I Store norske leksikon.

Henta 2. januar 2018 frå https://snl.no/kriminallitteratur.

Kriminalsjangrar

Sjølv om kriminalseriar har mange fellestrekk, er det råd å dele dei i sjangrar.

  • Whodunnit
    Mordet har skjedd, men kven har gjort det? Detektiven løyser mysteriet.

  • Howcatchem
    Vi veit kven skurkane er, men korleis skal heltane få has på dei?

  • Hardkokt krim
    Sterke skildringar av sex og vald, og den meir organiserte kriminaliteten er ofte ein sentral del av historia.

  • Politiprosedyren
    Detektiven arbeider i politiet, og etterforskingsmetodane blir ofte overtydande skildra.

  • Rettsthriller
    Rettssystemet er ramma for desse historiene, og hovudpersonane er ofte advokatar og klientar som skal bevise uskuld eller avdekkje korrupsjon på høgt nivå.

  • Spionkrim
    Hovudpersonane er spionar, som i mange tilfelle arbeider for eit etterretningsbyrå.

  • Skurkehistorier
    Handlar som regel om ran eller svindel, men vi ser handlinga slik skurkane ser ho – og vi heiar ofte på kjeltringane. Blir gjerne kalla «caper stories» på engelsk.

  • Psykologiske thrillerar
    Inneheld ofte mykje horror, mystikk og grufulle handlingar, og galne gjerningsmenn har ein viktig rolle.

  • Krimparodiar
    Satiriske og ironiske imitasjonar av dei ulike krimsjangrane.

Skurkar og heltar

Heltane får mykje og fortent merksemd. Krimsjangeren hadde likevel ikkje hatt så mykje å fare med utan dei kriminelle.

Skurkane sørgjer i kanskje endå større grad enn heltane for å drive handlinga framover og å halde spenninga oppe. Heldigvis blir dei fleste tekne til slutt, men ikkje før dei har underhalde oss gjennom ei lang og nervepirrande historie.

Ikkje berre svart og kvitt

– Før var dei gjerne forherda prototypar på ein skurk – éin gong skurk, alltid skurk – à la Dickie Dick Dickens. Heltane var derimot ofte plettfrie personar, som miss Marple og Hercule Poirot. Men personteikninga er ikkje lenger så svart-kvit som ho var i den tidlege fasen av krimsjangeren, seier Else Barratt-Due, instruktør, dramaturg og produsent i NRK Radioteatret. Ho er også juryleiar for Rivertonprisen, den gjæve norske utmerkinga som kvart år blir delt ut til ein krimeventyrforfattar.

– Mange av heltane no er eigentleg antiheltar. Eitt eksempel er Jo Nesbø-figuren Harry Hole, som opererer på begge sider av lova. Kjeltringane og mordarane i krimbøkene no for tida er som regel vanlege menneske som av ulike årsaker har gått over ei hårfin grense. Slik speglar den nye krimmen i større grad enn den klassiske krimmen samfunnet vi lever i, noko som gjer det lettare å identifisere seg med skurken, meiner Barratt-Due.

Fire klassiske skurketypar

  • den kriminelle meisterhjernen
  • den ukjende mordaren
  • den forskrudde
  • den sofistikerte sjarmøren

Gjennomgangstema i krimsjangeren

Pengar og løyndommar er naturlege gjennomgangstema i krimsjangeren. Dei fleste skurkane har likevel noko viktig å skjule, slår Else Barratt-Due fast. – I krimlitteraturen finst det haugevis av eksempel på at skurken har teke livet av éin eller fleire personar som òg kjende til løyndommen. Dei må rett og slett ryddast av vegen.

Motiva til skurken dreier seg i dag framleis ofte om profitt, men forteljingane har helst eit samfunnskritisk søkjelys. Eksempel på det er «Profitøren» av Tom Kristensen, om dei norske krigsprofitørane; «21 dager» av Sidsel Dalen, om korrupsjon i oljebransjen; bøkene til Jens Lapidus om kvitvasking i den svenske underverda; og dei to bøkene til Asle Skredderberget med Økokrim-etterforskaren Milo Cavalli i hovudrolla.

Hemn og ønske om makt er òg typiske motiv i krimsjangeren. Det same gjeld sjalusi og andre psykologiske grunnar til at nokon tek livet av nokon. Men seriemordarane har fått litt for stor plass i den nordiske krimlitteraturen, synest Barratt-Due. – Eg har vondt for å identifisere meg med eit samfunn som fostrar seriemordarar. Det mellommenneskelege har dessutan lett for å bli borte i slike seriemordarunivers. Og forklaringa blir ofte at dei tek liv berre fordi dei er psykopatar.

CC BY-NC-SASkrive av Bjørn Hugo Pettersen. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar