Hopp til innhald

Fagstoff

Humor på fjernsyn

Norskprodusert humor er viktig når norske TV-selskap kjempar om sjåarane. Humor bygger nemleg på inngåande kjennskap til kulturelle kodar og konvensjonar.

Fjernsynskomedien er ei vidareføring av den folkelege latterkulturen, slik denne kom til uttrykk i varietéteatera på 1700- og 1800-talet og i dei klassiske filmkomediane og teaterrevyane på 1900-talet. Røtene til den folkelege latterkulturen kan ein spore heilt tilbake til karnevalet i mellomalderen. Karnevalet markerte inngangen til fasta med maskeradeball og opptog gjennom gatene. Samfunnsnormene vart i ein kort periode sette til side. Folk kunne le av personar og forordningar ein elles ikkje burde spøke med dersom ein hadde livet kjært.

I karnevalstida vart symbol på status og makt snudde på hovudet. I avhandlinga Karnevalets formspråk i humor-TV skriv Yngvar Kjus om korleis den fattigaste tiggaren blir krona og hylla som karnevalskonge. Denne forma for komikk finn vi att i moderne fjernsynshumor, til dømes når Harald Eia og Bård Tufte Johansen lèt personar med Downs syndrom vere ekspertpanelet i Åpen post. Vulgærhumoren hentar tydeleg inspirasjon frå det Yngvar Kjus kallar "karnevalets groteske degradering". Harald Eias klassiske foredrag om "skrukken" er eit døme på dette.

Avhandling, Researchgate: Karnevalets formspråk i humor-TV

Satiriske oppgjer med dominerande samfunnsnormer og parodisk latterleggjering av makteliten er vanlege innslag i fjernsynskomediane i dag. Døme er programma Nytt på nytt på NRK og Torsdagsklubben på TV 2. Nokre meiner at denne forma for humor kan verke som ein ventil for folkeleg frustrasjon.

Norsk humor sel

Fjernsynshumor på 1960-talet var nokså godlynt i forma, sjølv om politikarar òg då kunne få passa sine påskrivne. Radikaliseringa på 1970-talet gav etter kvart større rom for samfunnssatire. På 1990-talet begynte norske komikarar å utfordre grensene for humor på TV. Kva er det lov å le av? Kva er tabu? Utviklinga vart driven fram av eit ønske om å vidareutvikle og fornye sjangeren, men truleg òg av konkurransen mellom dei mange nye TV-kanalane.

I dag er tilgang til norskprodusert humor viktig når TV-selskapa kjempar om sjåarane. Grunnen til at norsk fjernsynshumor sel, er truleg at humor krev inngåande kjennskap til kulturelle kodar og konvensjonar. Men enkelte konvensjonar er globale. Difor kan utanlandsk situasjonskomikk og meir sofistikert, akademisk humor fungere òg her i landet.

Ulike former for fjernsynskomedie

Situasjonskomedien

Situasjonskomedien er ein periodisk narrativ framført av skodespelarar. Karakterane har ofte eigenskapar som er forsterka og reindyrka (stereotypiar). Det vi ler av, er eigentleg svake sider som vi kjenner att hos oss sjølve og våre næraste. Førstegangstjenesten (NRK) er ein karakterdriven humorserie med Herman Flesvig, sett til militæret.


Andre døme: Side om Side, Familien Lykke, Helt Perfekt, Borettslaget.

Sketsjkomedien

Sketsjkomedien består av korte sketsjar med monolog eller dialog, ofte prega av parodi og satire. Sketsjane kan vere sette saman til ein fjernsynsrevy, eller inngå i eit talkshow. Programleiaren og paneldeltakarane i slike show har ofte faste rollar baserte på visse personlegdomstrekk.

Eit klassisk døme på sketsjkomedie er Supperådet. I sketsjen intervjuar komikaren Rolf Wesenlund ein svært lattermild informasjonskonsulent for Supperådet, Balle Kloring, spelt av Harald Heide Steen.

Andre døme:

Stand-up-komedien

Stand-up-komedien er ei form for scenekomikk der det berande elementet er evna komikaren har til å snakke om eit tema på en personleg og morosam måte. I NRK-programmet Verdens minste kommentatorboks blir det skapt humor når programleiarane evnar å vere morosame på kostnad av andre.

Situasjonskomikk

Situasjonskomikk frå verkelegheita har vore populære humorinnslag så lenge fjernsynet har eksistert. Eit klassisk døme er 60-talsprogrammet Skjult kamera. Denne forma for humor er framleis svært populær både på TV og på YouTube.

NRK-klipp på YouTube: Skjult kamera – Parkometeret

Verkemiddel

Sjølv om programkonsepta er forskjellige, er ofte verkemidla dei same.

  • Slapstick-humor spelar på det uvanlege og det groteske; folk som blir slått i hovudet med steikepanner, fell ut av vindauge, eller eser opp slik at dei ikkje er til å kjenne att, ofte kombinert med repetisjon av eit bestemt åtferdsmønster som vi veit får uunngåelege følgjer. Døme: Discovery+ på YouTube: Ylvis sparker tilfeldige folk.
  • Vitsar er morosame forteljingar med overraskande poeng.
  • Ein parodi viser fram eit vrengebilete av ein person eller situasjon. Sjå døme på parodiar på NRK Skole.

  • Satire og ironi blir brukte for å kle av og latterleggjere den som har makta, eller maktpersonar i samfunnet. Døme: Jonas er møkk lei av å bli pirka på av Kopperud og bestemmer seg for å slå tilbake. Men meistrar han satire og ironi? Sjå Over hekken på NRK.
  • Sjangerbrot. Moderne TV-humor leikar ofte med referansar til kjente medietekstar og ironiserer over både eigne og andre sine verk. Sjå døme på NRK-sida Satiriks.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar