Hopp til innhald

Fagstoff

Skrekkfilm

Skrekkfilmen har som føremål å skremme oss. Monsteret er det unormale som samfunnet tek avstand frå. Skrekkfilmar fortel mykje om dei trauma og fiendebileta som finst i eit samfunn.
Godzilla  i kamp
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein populær sjanger

Skrekkfilmen er kanskje den mest paradoksale av alle sjangerfilmar. Han prøver med forsett å skape ubehag og illustrerer fælslege ting rett framføre auga våre, han vil rett og slett "skremme livet av oss"! Likevel er dette ein av dei mest populære sjangrane, som nok aldri blir borte. Vi oppsøkjer altså ubehaget og redsla aktivt når vi vel å sjå skrekkfilm.

Handlinga dreier seg gjerne om ein vond antagonist som ein eller fleire hovudkarakterar (protagonistar) må kjempe ned. Antagonistane er ofte overnaturlege vesen, som vampyrar, gjenferd og utanomjordiske skapningar.

Angsten for det anormale

Monsteret eller "det som trugar" i skrekkfilmen er det unaturlege eller anormale, det som ikkje passar inn i det samfunnet vi lever i. Dette blir nokså tydeleg i ein film som Carrie (1976) av regissør Brian De Palma. Filmen er basert på ein roman av Stephen King.

Den unge Carrie er ei tilsynelatande normal tenåringsjente. Men ho har overnaturlege evner, noko som gjer henne ulik andre menneske. Det får fatale konsekvensar for både Carrie og dei rundt henne når ho blir utsett for mobbing og misbruk. Resultatet av at samfunnet støyter frå seg den anormale, er at den anormale går til åtak på samfunnet. King og De Palma har med andre ord snudd opp ned på det klassiske motivet der det er monsteret som trugar det normale.

Den første skrekkfilmen

Den første Frankenstein-filmen frå 1910 blir rekna som den første skrekkfilmen. Den mest kjende er likevel Frankenstein-versjonen til James Whale frå 1931. Her spelar Boris Karloff monstret, ein einsam og misforstått figur som til slutt blir rasande på dei menneska som berre ser han som eit monster. Det verkelege monsteret i filmen er oppfinnaren, Dr. Frankenstein, som freistar å leike gud.

Boris Karloff som Frankenstein
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avslører fiendebilete og traume

Som andre medietekstar er skrekkfilmen eit produkt av si eiga tid. Underteksten fortel mykje om fiendebilete og traume i samfunnet. Japan hadde opplevd to atombomber under andre verdskrigen, og etterverknader og traume knytt til dette er tydeleg i den første Godzilla-filmen frå 1954. Godzilla blei eit symbol på massiv øydelegging og korleis naturen hemna dei øydeleggingane menneske hadde stelt i stand.

Mange av dei science-fiction- eller skrekkfilmane som blei produserte i USA på 50-talet, hadde ein underliggande tematikk knytt til den sovjetiske trusselen. Titlar som The Angry Red Planet (1959), Invasion of the Body Snatchers (1956) og Invaders From Mars (1953) fokuserte på invasjon og "den raude fara". Underteksten var redsla for eit anna folk og ein annan ideologi og tankegang.

Filmen The Exorcist frå 1973 er kanskje den mest legendariske av alle skrekkfilmar. Her er vondskapen kroppsleggjort i den unge jenta Regan som er forgjord av ein demon. Gong på gong blir vi tekne med opp trappa til rommet der vondskapen har flytta inn. Fleire personar svima av eller blei hysteriske etter å ha sett filmen, men den katolske kyrkja gjekk god for filmen fordi han stadfesta eit verdsbilete der gode og vonde krefter slåst om makta.

Undersjangrar av skrekkfilm

Her nøyer vi oss med tre:

  • Filmar som stort sett viser relativt vanlege hendingar, men med ei underliggande uhygge, utan brå klipp. Eit eksempel i denne sjangeren er Roman Polanski sin film Rosemary's Baby frå 1968.
  • Filmar som seier "BØ!", ved å klippe raskt i bilete og lyd, slik at tilskodarane skvett. Her finst det mange filmar å velje i, kanskje fordi dette er ein enkel sjanger å produsere. Skal vi trekke fram ein storfilm som brukar dette forteljargrepet, kan det vere Alien, regissert av Ridley Scott i 1979.
  • Filmar som er visuelt fæle, ofte i grenselandet opp mot splatter-sjangeren, det vil seie med mykje blod og gørr. Denne sjangeren har likevel mange innslag av humor, då helst av det bisarre slaget. Eit eksempel på ein slik film er Peter Jacksons Braindead frå 1992.


CC BY-SASkrive av Hans Petter Ellingsen og Jon Hoem.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar