Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn filmsjangrar

Den norske dokumentaren Kon-Tiki fekk Oscar som beste dokumentarfilm i 1950. I 2012 vart ein norsk spelefilm om Kon-Tiki-ekspedisjonen lansert. Samanlikn dei to filmane, og reflekter over filmatisk attgiving av historiske hendingar.
Balsaflåten Kon-Tiki på Kon-Tiki-museet. Det er ei flåte med stråhytte og segl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Kan du sjangeromgrepa?

Oppgåve 2: Samanlikn ein dokumentar og ein spelefilm

Sjå delar av Thor Heyerdals dokumentarfilm Kon-Tiki (1950).

Sjå deretter scener frå spelefilmen Kon-Tiki (2012):

YouTube: Kon-Tiki trailer # 2

Samanlikn måten historia blir fortald på i dei to filmane, gjerne med utgangspunkt i den berømte hai-scenen.

  • Kva er likt?
  • Kva er ulikt?
  • Kva er det som gjer at vi forstår at den eine filmen er ein dokumentar og den andre er ein spelefilm?

Oppgåve 3: Reaksjonar på spelefilmen

I spelefilmen Kon-Tiki er nestkommanderande på flåten, Herman Watzinger, framstilt på ein måte som dottera tek sterk avstand frå. Ho meiner at filmkarakteren har lite til felles med den ekte personen han er basert på.

Les intervjuet med Trine Watzinger Narum i Aftenposten:

Aftenposten: – Kon-Tiki gir eit grovt feilaktig bilete av far min

Les deretter kommentaren av Jon Selås på VG Nett:

VG: Kon-Tiki er ingen dokumentar

  • Korleis grunngir manusforfattar Petter Skavlan og regissør Espen Sandberget biletet spelefilmen gir av Herman Watzinger?
  • Ut frå det du kan om filmsjangrar, vil du kalle filmen frå 2012 ein dramadokumentar eller eit dokumentardrama?

Oppgåve 4: Diskuter i klassen

Er det riktig å framstille personar som har levd, på ein historisk ukorrekt måte i ein spelefilm?

Relatert innhald

Ein fiksjonsfilm er basert på ei oppdikta historie. Ein spelefilm er ein lengre fiksjonsfilm. Korte fiksjonsfilmar blir kalla novellefilmar eller kortfilmar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar