Hopp til innhald

Fagstoff

Dramasjangrar på TV

Eit fjernsynsdrama er ei fiktiv forteljing framført av skodespelarar. Eit drama er ofte delt inn i fleire episodar. Fjernsynsdramaet bruker verkemiddel som vi kjenner frå film.
Ingar Helge Gimle som finansminister Erik Ulrichsen i Mammo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dramaseriar

Omgrepet drama blir vanlegvis brukt om ei fiktiv forteljing som blir framført av skodespelarar på ei scene. Moderne fjernsynsdrama er ein eigen TV-sjanger som i større grad bruker verkemiddel frå fiksjonsfilmen.

Stort sett blir fjernsynsdrama vist som seriar, føljetongar eller såpeseriar. I daglegtalen nyttar vi ofte omgrepet "TV-serie" om alle tre sjangrane, men innan mediefaget definerer vi det som ei periodisk framstilling der forteljinga blir delt opp i episodar.

Dramaseriane dukka første gongen opp på amerikansk fjernsyn på 1950-talet. Fjernsynsdramaet har utvikla seg mykje sidan den tida, særleg dei siste ti åra. Kvaliteten på mange amerikanske TV-seriar er i dag på full høgde med kinofilmen. Det same gjeld europeiske produksjonar, som til dømes BBC-dramaet Downtown Abbey og dei danske seriane Borgen, Matador og Riget. Norske TV-seriar som Erobreren og Halvbroren er filmatiseringar av kjente norske romanar.

Kriminalseriar

Kriminalforteljinga har lang tradisjon som fjernsynsdrama. Dei fleste seriane som blir sende på norsk fjernsyn, er amerikanske eller britiske. Heltane er ofte politietterforskarar, men det kan også vere journalistar eller advokatar. Nokre hevdar at populære advokatseriar har ført til auka interesse for jusstudiet blant ungdom.

I dag blir det også produsert mange skandinaviske kriminalseriar, som dei svenske seriane om Beck og Wallander, og dei tilsvarande danske seriane Broen og Anna Pihl. Eksempel på norske produksjonar er Nobel og Mammon. Skandinaviske seriar er ofte samfunnskritiske. I amerikanske seriar var det lenge tabu å ta opp politiske eller moralske spørsmål som ein kunne tolke som innlegg i samfunnsdebatten. Dette har endra seg dei siste åra.

Skandinaviske TV-seriar er ulike britiske og amerikanske kriminalseriar også når det gjeld dramaturgi og persongalleri. Amerikanske seriar er prega av action, mens skandinavisk krim er meir oppteken av psykologi. Vi blir kjente med hovudpersonane både i profesjonell og privat samanheng. Problem på heimebane og vanskelege relasjonar til kollegaer er sidekonfliktar som appellerer til eit skandinavisk publikum.

Komediar

Fjernsynskomediar er prega av slapstickhumor og situasjonskomikk, basert på morosame replikkar og komiske karakterar. Seriane opererer ofte med eit avgrensa og fast persongalleri, og nokre få innandørsscener som er billige å produsere og lette å gjenbruke. Eksempel på norskproduserte komiseriar er Karl & Co, Alt for Norge, Borettslaget, Hos Martin og Lillyhammer. Standup-komediar, som Seinfeld og Frazier er ein eigen undersjanger.

Fantasy

Fantasy er ein populær sjanger, også på fjernsyn. Seriar som Game of Thrones og The Legend of the Seeker tek utgangspunkt i populære romanar. 90-talsseriane X-files og Twin Peaks bidrog mykje til utviklinga av denne TV-sjangeren. Ein serie som True Blood har blitt karakterisert som ein leik med sjangerkonvensjonar, og ein kan sjå på han som rein sjangerparodi. Forteljingar om vampyrar og andre overnaturlege fenomen er også populære på TV (Twilight, True Blood og Walking Dead).

Frå teaterscenen til TV-skjermen

I fjernsynet sin barndom blei eit fjernsynsdrama produsert på same måten som ei teaterframsyning. Mellom anna sette NRK opp mange Ibsen-framsyningar for fjernsyn.

Satire i teikneserieform

Simpsons på frimerker.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Animasjonsseriane Simpsons og South Park kommenterer aktuelle hendingar på ein samfunnskritisk måte. Kanskje er det meir akseptabelt når bodskapen blir framført av teikneseriefigurar? Fleire episodar har likevel blitt trekte tilbake i USA.

Dei siste åra har det dukka opp ei ny form for TV-satire på nett og mobil. VGTV har hatt stor suksess med Fanthomas-serien, Oslogirls og Sex og SingelSiv. Andre mediehus har brukt same oppskrift, for eksempel Dagblad-TV-serien Jomfru i nød.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar