Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforskande oppgåve: Rekonstruer ein filmscene

Bruk det du har lært om forteljeteknikk i sjangerfilm til å planlegge og rekonstruere ein filmscene.

Du kan lære mykje om filmsjangrar gjennom å produsere film sjølv. I desse utforskande oppgåvene skal de jobbe i grupper, der de skal planlegge og rekonstruere ein romantisk eller actiondriven filmscene.

1. Kva kan du om sjangrar?

  1. Kva er det som skil ein actionfilm frå ein romantisk film? Kan du finne døme frå filmar eller seriar du nyleg har sett i romantikk- eller actionsjangeren?

  2. Kva er det som kjenneteiknar sjangrane? Handlar det om tempoet i filmforteljinga, karakterane, handlinga, scenografien, musikken, eller er det andre ting?

  3. Kva trur de filmskaparane må vere bevisste på når dei skal lage romantiske filmar eller actionfilmar?

  4. Reflekter over kva det vil seie å rekonstruere, eller attskape, ein filmscene. Bruk gjerne omgrep som inspirasjon, øving, kopiere, plagiere og attskape i utvekslinga av argument.

2. Lag tankekart

  1. Del klassen inn i grupper.

  2. Lag tankekart. Tankekartet skal innehalde det de treng å friske opp av kunnskap om filmsjangrar og filmproduksjon for å kunne løyse oppgåva. Sørg også for å få med i tankekartet kva de treng av utstyr, og kven som skal bidra i filmproduksjonen.

3. Vel ein filmscene

De står fritt til å velje kva film eller serie de ønsker å rekonstruere ein scene frå. Alle i gruppa kjem med minst eitt forslag til ein scene. Sjå og diskuter kvar enkelt scene.

Alternativt kan de velje ein av scenane nedanfor.

  1. Gjennomfør ei idémyldring i gruppa.

  2. Bestem dykk for ein scene. Skisser opp eit med utgangspunkt i scenen.

Døme på romantiske scenar

Utdrag frå spelefilmen Alle utlendinger har lukka gardiner:

Utdrag frå spelefilmen Beatles:

Utdrag frå spelefilmen Mary Shelley:

Døme på actionscenar

Utdrag frå TV-serien Kampen om tungtvannet (episode 4):

Utdrag frå TV-serien Krigens unge hjerter (episode 5):

Utdrag frå spelefilmen Stockholm:

4. Planlegg og produser filmscenen

  1. Ta utgangspunkt i tankekartet. Lag først ein plan for korleis de i gruppa skal attskape filmscenen.

  2. Skriv manus og lag storyboard for produksjonen med utgangspunkt i storyboardskissa de allereie har laga.

    • Bestem dykk for kva vri de vil ha på scenen de skal rekonstruere.

    • Planlegg kven som skal spele dei ulike karakterane i scenen, og kven som skal bidra bak kamera.

  3. Produser filmscenen.

5. Vis filmane og diskuter

  1. Alle gruppene viser fram filmane sine for klassen. Før filmframsyninga kan de seie noko om kva de har lært av oppgåva, og kva utfordringar de møtte undervegs.

  2. Diskusjonsoppgåver de kan ta undervegs i samla klasse:

    • Kvar går grensa mellom plagiat og inspirasjon? Kva er greitt og ikkje greitt?

    • Kva er dei største forskjellane i arbeidet med å skape ein romantisk og ein actiondriven scene? Kva er likt?

    • Kva er dei viktigaste grepa for å lykkast med forteljeteknikkar i romantiske og actiondrivne filmscenar?

6. Evaluering

  1. Kva har du fått mest ut av gjennom å rekonstruere ein eksisterande filmscene?

  2. Kva har du lært?

  3. Korleis har samarbeidet i gruppa vore?

  4. Korleis må romantiske scenar og actionscenar planleggast?

  5. Kva er viktig å tenke på i produksjon og postproduksjon?

  6. Kva scene i kva sjanger ville du sjølv skapt etter denne erfaringa? Korleis ville du planlagt og gjennomført arbeidet?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2022

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar