Hopp til innhald

Fagstoff

Mobiljournalistikk i sosiale medium

I dag er det vanleg at journalistar bruker mobiltelefonen både som fotokamera, videokamera og lydopptakar. Mobiltelefonen eignar seg spesielt godt når nyheitsinnslaga skal publiserast i eit format tilpassa sosiale medium. Men både NRK og TV 2 produserer og nyttar seg av mobiljournalistikk.

Mobilen som verktøykasse for journalistar

Ein moderne mobiltelefon kan ta stillbilete og gjere lyd- og videoopptak med god kvalitet. Det er òg mogleg å utføre enkel redigering. Derfor er mobilen eit eigna verktøy for journalistar ute på oppdrag. Opptak kan overførast til redaksjonen, eller journalisten kan publisere eller sende direkte på lufta. Kunstig intelligens vil etter kvart gjere redigeringsarbeidet enklare og raskare.

Det er lettare å komme tettare på folk når opptaksutstyret ikkje vekker oppsikt. Dessutan er det raskare å bruke mobil enn tradisjonelt utstyr, sidan alt du treng, er samla i éi eining. Ved hjelp av mobiltelefonen kan du gjere research ute i felten, og det er enkelt å ha løpande kontakt med redaksjonen gjennom digitale kommunikasjonskanalar.

Publisering i ståande format

Sosiale medium er spesielt godt tilrettelagde for deling av tekst, bilete og lyd frå mobiltelefonar. Publiseringsformatet er tilpassa opptaksformatet på mobilen, og forventningane til teknisk standard er lågare enn det vi til dømes forventar i ei nettavis eller på fjernsyn. Mens YouTube og Facebook er tilrettelagde òg for liggande format, fungerer ståande format best på til dømes Instagram, Snapchat og TikTok.

Reflekter saman med ein medelev

Sjå undervisningsvideoen i ståande format nedanfor.

  • Kva forventningar har de til ein videoreportasje i ståande format?

  • Kva fordelar har eit slikt format?

  • Kva negative sider har dette formatet?

Journalistikk tilpassa mottakar og kanal

Tal frå Norsk mediebarometer (SSB) i 2023 viser at over 60 prosent av unge vaksne finn nyheiter i "feeden" i sosiale medium. I aldersgruppa 16–19 år bruker heile 40 prosent TikTok som nyheitskjelde (Kampanje, 2023).

Unge som bruker TikTok, er vande til å sjå korte videosnuttar som flimrar forbi. For å nå fram med nyheitsjournalistikk på slike plattformer må innhaldet lagast slik at det raskt fangar merksemd og er enkelt å forstå.

Dersom du som journalist ønsker å nå flest mogleg, må nyheitsinnslaget i tillegg ha potensial til å gå viralt. Det betyr at dei som ser innslaget ditt, blir "trigga" til å dele og kommentere det du har publisert.

Planlegg eit nyheitsinnslag på TikTok

Jobb saman med ein medelev. Ta utgangspunkt i ei aktuell hending.

  • Korleis bør eit nyheitsinnslag om denne hendinga presenterast på TikTok for å nå unge i aldersgruppa 16–19 år?

  • Kva kan de gjere for at nyheitsinnslaget går viralt?

Her finn de kanskje nokre tips:

Kjelder

Kampanje. (2023, 26. april). Flere unge finner nyheter på TikTok – men Snapchat er fortsatt størst. https://kampanje.com/medier/2023/04/fire-av-ti-i-alderen-16-19-finner-nyheter-pa-tiktok/

Relatert innhald

Mobiljournalistikk handlar om digital produksjonsteknologi, nye format og kanalar og om demokratisering av journalistikken.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

Produser video – korte format