Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap vignetten for eit tv-program

Vel tema, lag skisser, planlegg og produser ein vignett.

1 Vel tema

Vel tema for eit TV-magasin. Tema kan til dømes vere politisk debatt, helse, ungdom, bærekraft, ekstremsport eller forbruk.

2 Lag skisser

Vel teknikkar for utvikling av idear og skisse i samråd med medelevar og lærar. Presenter arbeida, gi og få tilbakemelding frå andre elevar og lærar i produksjon.

NDLA: Skisser i idéutvikling
NDLA: Moodboard

3 Produksjon

Hald deg til tidsrammene som er gitte av lærar.

Arbeidet skal gjerast i relevante programvarer, til dømes After effects, i kombinasjon med andre program som Photoshop, 3D-program eller liknande og/eller kamera/video.

Lærer og to elever foran skjermer, tastatur og bildemiks i et kontrollrom for tv-produksjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innlevering vignett

  • 12 og 18 sekundar lang.
  • Det blir forventa at vignetten står ut frå resten av fjernsynsprogrammet.
  • Namnet (ev. logo) på programmet skal liggje i ro på slutten av vignetten i 4 sekundar.
  • Format: HD 1920x1080 (72dpi) 25 fps. Ferdig resultat skal leverast i formatet H264.


CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format