Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen VIEW

Sjå filmen VIEW, og bruk han som inspirasjon for di eiga digitale forteljing om masseturisme og berekraft.
Eit svært cruiseskip dukkar opp bak eit kvitmåla trehus. Foto.

Før du ser filmen

Studer stillbiletet frå kortfilmen VIEW saman med ein medelev.

  1. Kva trur de denne filmen handlar om?

  2. Kvifor er dette temaet aktuelt akkurat no?

Sjå filmen

Sjå kortfilmen VIEW på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Forteljeteknikk i VIEW

Ein filmskapar bruker levande bilete og lyd til å fortelje ei historie.

Kom med døme på og reflekter over korleis desse forteljetekniske verkemidla blir brukte i filmforteljinga VIEW:

  • biletutsnitt

  • biletvinklar

  • kamerarørsler

  • reallyd (kontentum)

  • musikk

  • kontrastar

Masseturisme og berekraft

Fleire rapportar dokumenterer at den pågåande cruisetrafikken i verda slepp ut forureinande NOx-gass, ultrafine partiklar og svovel. Mange land er ramma av den miljøforureininga cruisetrafikken forårsakar.

I 2023 vart det laga ei offentleg utgreiing om turisme og berekraft i Noreg som òg tek for seg cruisetrafikk:

Regjeringa: NOU 2023: 10 Leve og oppleve. Reisemål for en bærekraftig fremtid

Jobb saman i grupper, og fordel arbeidet internt i gruppa. Svar på desse spørsmåla ved hjelp av informasjon de finn i utgreiinga:

  1. Korleis har utviklinga i cruisetrafikken i Noreg forandra seg i perioden 2012 til 2022?

  2. I 2020 og 2021 var cruisetrafikken sterkt redusert på grunn av koronaepidemien, noko som førte til mindre forureining. Kor stor var denne reduksjonen samanlikna med tilsvarande utslepp frå bilar?

  3. Kva tiltak planlegg regjeringa å setje i verk for å redusere utslepp frå cruisetrafikk?

  4. Kva andre utfordringar kan masseturisme føre med seg?

Lag ei digital forteljing

Jobb saman i grupper og lag ei kortfatta digital forteljing.

Forteljinga skal handle om turisme og berekraftig utvikling der de bur.

Forteljinga skal berre bestå av stillbilete og reallyd og skal kunne presenterast i løpet av fem minutt.

Bruk eit enkelt videoredigeringsverktøy eller eit presentasjonsverktøy i samanstillinga.

Vis forteljinga for resten av klassen, og be om tilbakemelding på form og innhald.

Relatert innhald

Kortfilmen VIEW set søkelyset på masseturisme ved hjelp av bilete og reallyd.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2023

Læringsressursar

Produser video – korte format