Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk vignettar

Det blir lagt mykje ressursar i å lage vignettar for film og TV. Kvifor er det slik?

1. Vurder vignettar

Ein mann sit med eit sverd på ei trone. Filmplakat for Game of Thrones. Foto

Studer desse vignettane for film og TV, og vurder om vignetten

  • gir (nok) hint om sjanger

  • set deg i rett stemning

  • fører deg inn i det som skal kome

  • er eit drops for auget, ein audiovisuell kickstartar


Sjå vignetten til TV-serien Game of Thrones (youtube.com).
Sjå vignetten til nyheitssendinga til NRK, Dagsrevyen (tv.nrk.no).
Sjå vignetten til Pillow Talk (1959) (youtube.com).
Sjå vignetten til filmen Casino (1995) (youtube.com).
Sjå vignetten til NRK-programmet Mesternes Mester (tv.nrk.no).

2. Utforsk vignettar

Leit etter fleire vignettar på internett. Du kan søkje på "title sequence" og "opening credits", eller du kan sjekke ut nettsida Art of the title (artofthetitle.com). Finn minst ein vignett som du meiner held god kvalitet!

Still deg sjølv desse spørsmåla for å vurdere kvaliteten:

  • Er vignetten unik? Er han ein audiovisuell kickstartar?

  • Har han riktig utforming i samanheng med tema og innhald?

  • Blir det fortalt ei historie?

  • Blir det presentert sjanger, karakterar og miljø?

  • Blir vi sette i rett stemning?

3. Presenter vignettar for kvarandre

Dann grupper, og vis kvarandre vignettane de har funne. Forklar kvifor du meiner vignetten din held god kvalitet.

Reflekter til slutt saman over dette spørsmålet:

  • Kvifor blir det lagt så mykje ressursar ned i vignettar når publikum allereie sit for å sjå filmen eller TV-programmet?

Relatert innhald

Vignetten til filmar, TV-seriar og TV-program set stemninga på nokre få sekund. Vignettar er eit format med fortetta bruk av forteljeteknikkar.

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format