Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Musikkvideo: førebuingar og preproduksjon

Lag ein musikkvideo med tydelege sjangertrekk eller stilhistoriske kjenneteikn! Dann små grupper i klassen, og bruk tid på førearbeid og preproduksjon før de går i gang med opptaka.
To jenter høyrer på musikk i hovudtelefonar og ler i ein korridor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein musikkvideo er eit visuelt kortformat bygd rundt ein låt. Typisk heng bileta saman med bodskapen i songen, og forma på videoen er prega av musikksjangeren. I denne gruppeoppgåva skal de lage ein musikkvideo som er tydeleg inspirert av ein eksisterande filmsjanger eller ei estetisk stilretning.

Lag gjerne musikkvideoen til ein låt som nyleg er sleppt, og som få kjenner til!

1. Førearbeid (individuelt)


  1. Finn eit par låtar som de liker, og som de tenkjer de kunne laga ein musikkvideo til! Utfordring: Ein av songane skal vere ein ukjend låt som de oppdagar og lastar ned lovleg frå nettet.

    Her kan de finne musikk med delbar lisens:

  2. Leit på nett, og sjå smakebitar frå ulike musikkvideoar. Sjå gjerne på ulike sjangrar og på artistar de ikkje pleier å lytte til. (Tips: Britney Spears, Michael Jackson, Madonna, Justin Bieber)

    Her er ei speleliste med alt frå flaue til kunstnariske musikkvideoar som de kan la dykk inspirere av:
    Speleliste med musikkvideoar – til inspirasjon.

Ei ung Britney Spears ser alvorleg inn i kameraet. Ho har musefletter og grå skuleuniform. Stillbilete frå musikkvideoen "Baby One More Time".
Opne bilete i eit nytt vindauge

2. Forarbeid (gruppe)

  1. Spel songane for kvarandre, og vel ein av dei.

  2. Lytt til låten de har valt, mange gonger. Ta utskrift av songteksten. Analyser songen. Kva handlar han om? Kva stemning sit de att med?

  3. Teikn ei tidslinje der de skriv ned dei ulike sekvensane i songen (intro, vers, refreng, hook). Då ser de lettare korleis songen er bygd opp, og kva delar som blir gjentekne. Kanskje de vil bruke same bilete eller scener når refrenget kjem?

    Sjå døme på korleis de skisserer opp ei slik tidslinje på biletet under. I dømet har vi brukt låten "Strangers" frå den norske artisten Sigrid. Musikkvideoen til "Strangers" finn de på YouTube.

Ei handteikna skisse viser ei tidslinje med tidsstempel. Øvst står det "Sigrid 'Strangers' ", og under tidsstempla er det teikna inn boksar som viser "vers 1", "refreng", "vers 2" og så vidare. Under desse att er det skrive idear til element å ha med i ein video, som "Dans?" og "Synge i kamera?". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Preproduksjon

  1. Snakk saman i gruppa, og finn ut kva slags uttrykk de ønskjer å skape. Hugs: Musikkvideoen skal anten kunne koplast til ein eksisterande filmsjanger eller låne trekk frå ei estetisk stilretning.

    Det betyr at de kan la dykk inspirere av filmsjangrar som western, drama, film noir, skrekk og komedie og stilretningar som surrealisme, modernisme, pop art, ekspresjonisme og street art.

    Før de bestemmer dykk for stilen, bruker de tid på researchen. Les om ulike sjangrar og stilretningar på nettet, og vel ei form som kan forsterke uttrykket deira.

    To døme til inspirasjon:

    I Kali Uchis’ musikkvideo "After the Storm" på YouTube skjer det absurde ting som at småfuglar løftar håret til ei kvinne, og at frukostblandinga snakkar. Dette uttrykket låner kjenneteikn frå stilretninga surrealisme.

    I musikkvideoen "Hunger" til Florence and the Machine på YouTube går det i svart-kvitt med low-key lyssetting – eit uttrykk som minner om filmsjangeren noir.

  • Svar på desse spørsmåla før de går vidare i prosessen.

    – Kva skal vere den primære funksjonen til musikkvideoen: reklame eller kunst?
    – Skal formidlinga vere i 1. person (rett i kamera) eller blir fortald i 3. person? Eller ei blanding?
    – Skal nokon av scenene gjentakast, til dømes i refrenget?

    Les meir i artikkelen "Musikkvideo: form og sjangrar".

  1. Teikn storyboardet. Lag enkle skisser av scenene de treng. Ta utgangspunkt i ein mal for storyboard, eller lag dykkar eige oppsett. Hugs å notere kameravinklar og eventuelle kamerarørsler i tekstfeltet.

    Les meir i artikkelen "Slik lagar du eit storyboard".

  2. Lag ein produksjonsplan. I planen skal de skrive når og kvar de skal filme, rolle- og ansvarsfordelinga og noko om scenografien (kulissar, kostyme, tidsrekvisittar).

    Her kan de laste ned og skrive ut malar til storyboard og produksjonsplan:

Filer

Relatert innhald

Musikkvideoen er eit kortformat som visualiserer musikk. Musikkvideoar blir laga for å marknadsføre ein låt, men kan òg ha kunstnariske mål.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format