Hopp til innhald

Kortfilm

VIEW

Livet er prega av ro og idyll blant dei kvitmåla husa i den vesle hamnebyen. Men så glir eit enormt cruiseskip inn i hamna.
Utsnitt av filmplakat som viser eit enormt cruiseskip ved kai rett bak eit hustak. Tekst med informasjon om kven som har laga filmen, er lagd på oppå biletet. Foto.

Om filmen

Eit enormt cruiseskip nærmar seg ein liten by. Skipet legg til kai. Portane blir opna. Tusenvis av passasjerar blir slopne ut. Eit nytt skip kjem, og endå eit. Utan ord viser denne filmen fram korleis masseturismen kan påverke eit lokalsamfunn, reint visuelt.

Filmdetaljar
  • År: 2021

  • Varigheit: 4 minutt

  • Regi: Odveig Klyve

  • Medverkande: ingen skodespelarar

  • Format: kortdokumentar

  • Land: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen VIEW på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Sjå filmen VIEW, og bruk han som inspirasjon for di eiga digitale forteljing om masseturisme og berekraft.

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: NFI
Sist fagleg oppdatert 20.10.2023

Læringsressursar

Produser video – korte format