Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Friluftsliv med barn ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor ta med barn på tur?

Å vere ute i naturen kan gi barn sterke minne. Når barn opplever ting for første gong, som for eksempel å sjå store krabber i fjøra, eller eit rådyr på beite, hugsar dei det lenge. Dei gløymer gjerne fort kven dei var saman med, men opplevinga sit i. Tenk å få vere med på å gi barn slike opplevingar som barne- og ungdomsarbeidar!

To barn klatrer i trær i skogen. Foto.

Læring i leik

For somme barn er det eit slit å vere ute. Likevel er uteaktivitetar eit viktig utgangspunkt for leik og glede, læring og meistring. For barn og unge er kjensla av å meistre avgjerande for trivsel og samhald.

Spør du vaksne kvifor dei driv med friluftsliv, svarer dei ofte at dei ønskjer å komme seg ut i frisk luft og flott natur, og kome seg vekk frå støy, forureining, mas og stress.

Friluftsliv

Motivet for å ha med barn ut på tur bør vere eit anna. Når du planlegg turar med barn og unge, bør målet vere at dei skal oppleve glede, fellesskap, læring og meistring saman med andre barn og unge. Friluftsliv som læringsarena byr på mange utfordringar og opplevingar, og dette skal vi gjere nærare greie for under temaet turplanlegging.

Skal du nå måla du har sett for turen, er det viktig tenkje på kvar turen skal gå, og kva du skal ha med. Det er viktig å leggje opp til enkle aktivitetar som alle kan meistre, for å inkludere alle i fellesskapen og læringsmiljøet. Legg du opp til for mange oppgåver og aktivitetar, kan ungane miste lysta på å vere ute. Det ønskjer vi ikkje.

DNT og barna sine eigne råd/eglar for friluftsliv:

  • Alle barn kan gå på tur
  • Vi vil gjerne ha med ein venn
  • Vi vil vere med på å planleggje turen
  • Vi har lyst til å gå fremst og bestemme farten
  • Vi vil ha tid til å leike og oppleve spennande ting undervegs
  • Vi vil ha tid til å snakke om det vi ser og opplever på turen
  • Vi vil ha noko godt på toppen
  • Vi vil kose oss om kvelden når vi er på overnattingstur
  • Vi vil ikkje vere frosne, våte eller redde

Kjelde: Den Norske Turistforening

Utfordringar til deg

  1. Kva for minne har du frå turar du har vore på?
  2. Kvifor kan enkelte barn oppleve det som eit slit å vere ute på tur?
  3. Kvifor er meistring så viktig?
  4. Kvifor skal du ta med barn ut på tur?
  5. Gi eksempel på enkle aktivitetar som alle kan meistre. Tenk på at barna har ulik alder og ulike føresetnader.
  6. Kva meiner ein med å inkludere alle i felleskapen?
  7. Diskuter råda frå Turistforeningen. Korleis kan du bruke desse råda når du planlegg turar?

Læringsressursar

Friluftsliv med barn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff